Magne Furuholmen











































Magne Furuholmen
Magne Furuholmen Kongsberg Jazzfestival 2018 (221600).jpg
Magne Furuholmen på scena i 2018
Foto: Tore Sætre

Fødd
1. november 1962
Fødestad Oslo
Opphav Noreg
Aktiv 1981-
Sjanger Pop
Instrument
gitar, piano, Klaviatur
Plateselskap pasjonsfrukt
Verka som
musikkprodusent, komponist, gitarist, pianist, låtskrivar, frimerkekunstner, musikar
Prisar Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Magne Furuholmen (fødd 1. november 1962) også kjend som Mags, er ein norsk musikar og kunstnar frå Oslo.




Innhaldsliste






  • 1 Karrierestart


  • 2 Kunstnar og filmmusikar


  • 3 Gjenforeining av A-ha


  • 4 Solokarriere


  • 5 Anna


  • 6 Referansar


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Karrierestart |


Barndomsvenene Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy spelte saman i bandet Bridges tidleg på åttitalet, og gav ut plata Fakkeltog i 1981, men vart oppløyst seinare same året. Etter eit Englandsopphald for å knyta kontaktar, tok dei kontakt med Morten Harket, som den gongen song i gruppa Soldier Blue. Etter kvart fekk trioen eigen manager, og reiste til England på nytt for å spela inn debutplata Hunting High and Low. Dette vart byrjinga til A-ha, der Magne Furuholmen spelte keyboard, Waaktaar-Savoy spelte gitar og Harket var vokalist.


Furuholmen har hatt stor suksess med A-ha, og har vunne fleire Spellemannprisar med gruppa. Under Spellemannprisen 1985 vart dei til og med kåra til Årets spellemann. Etter å ha gjeve ut fem studioplater og éi samleplate, tok A-ha pause rundt 1993.



Kunstnar og filmmusikar |


Parallelt med bandsuksessen studerte Furuholmen kunst med Kjell Nupen som lærar i perioden 1989 - 1993. I 1995 hadde han si fyrste utstilling, Kutt på Henie Onstad Kunstsenter, og det har vorte fleire med åra. Ein av desse er Payne's Gray, som han hadde i 2004, også på Henie Onstad i Høvikodden. [1]


Som musikar starta Furuholmen eit samarbeid med komponisten Kjetil Bjerkestrand. Dei tok artistnamnet Timbersound og har spesialisert seg på filmmusikk. Saman har dei laga filmmusikken til Ti kniver i hjertet frå 1994, Hotel Oslo frå 1997, 1732 Høtten frå 1999 og Øyenstikker frå 2001. For Hotel Oslo fekk dei Edvard-prisen i klassen Musikk til annan kunstart i 1998.



Gjenforeining av A-ha |


Rundt år 2000 kom A-ha saman igjen etter sju år utan å ha gitt ut plater. Dette vart ei svært vellukka gjenforeining som resulterte i tre nye album, fleire singlar, turnéar og einskildkonsertar. Den siste turnéen til A-ha vart avslutta med ein konsert i Oslo i desember 2010. Under Spellemannprisen 2010 var det Furuholmen og Morten Harket som tok imot Spellemannskomitéens heiderspris på vegne av gruppa.



Solokarriere |


På totusentalet har Furuholmen sjølv gjeve ut to soloalbum. På Past, Perfect, Future Tense frå 2004 samarbeider han med dei britiske banda Coldplay og Travis, og songane kan direkte knytast til kunst av Furuholmen. [2]A Dot of Black in the Blue of Your Bliss frå 2008 er innspelt i Sør-Frankrike saman med norske musikarar. [3]



Anna |


I 2011 har Magne Furuholmen gått inn i styret til klesmerket Moods of Norway. [4]


Magne Furuholmen er gift og har to søner.



Referansar |





  1. Artgate.no om Furuholmen.


  2. Platekompoaniet om Past, Perfect, Future Tense.


  3. Universal Music om a dot of black in the blue of your bliss.


  4. NRK Sogn og Fjordane, 28.03.11: Magne Furuholmen i Moods-styret.




Kjelder |



  • Artikkelen er basert på bokmålswikipedia om A-ha, henta inn 8. april 2011.




  • «Magne Furuholmen» i Store norske leksikon, snl.no.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettside.



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva