Nydalen
Koordinatar: 59°57′3.1860″N 10°46′1.0020″E Eit parti av Nydalen med Akerselva i framgrunnen. Tidlegare vart dette ein part av området som jarnverket Christiania Spigerverk («Spikerverket») disponerte, og Akerselva var då lukka på denne strekninga. Foto: Algkalv Nydalen T-banestasjon Foto: Kjetil Ree Kart over Nydalen frå år 1900. Nydalen (opphavleg kalla Nygårdsdalen , tidlegare Ellendalen og i mellomalderen Fallandadalen [1] ) er eit strok på båe sider av nordre parten av Akerselva i Oslo, i Bydel Nordre Aker. Frå å ha vore eit typisk industristrok som utvikla seg på 1800-talet med både tekstilfabrikkar som Nydalens Compagnie og jarnverket Christiania Spigerverk, har det på slutten av 1900-talet vorte totalt endra til eit strok med kontorverksemder og bustadblokker. Frå 2005 har Handelshøyskolen BI hatt hovudsete i Nydalen. [2] Akerselva gjennom stroket, som tidlegare var energikjelda for fabrikkar, tilgrisa av avfallsvatn og overbygd på store strekningar av ...