Kolbein Lauring

Multi tool use
Kolbein Lauring
|
|
Fødd |
15. juni 1914
|
Død |
31. mai 1987
|
Yrke |
militær
|
Kolbein Widrik Lauring (15. juni 1914–31. mai 1987) var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen.
Han voks opp på Ljan utanfor Oslo. Saman med sin barndomsven Max Manus deltok han i fyrstegongstenesta,
i Vinterkrigen, under kampane ved Kongsvinger og under angrepet på Noreg april 1940.
Etter at krigen braut ut, gjekk han inn i motstandskampen, der han blant anna saman med Max Manus og Gunnar Sønsteby gav ut den illegale avisa Vi vil oss et land.
I februar 1941 vart han arrestert av tyskarane og sendt til Grini fangeleir,der han sat i arrest i to år og ni månader. Då han slapp ut, heldt han fram i motstandskampen og deltok på fleire sabotasjeoppdrag dei to siste åra av krigen.
Mellom anna deltok han i sabotasjeoppdraga mot tyske skip.
Som følgje av Operasjon Derby, gjennomførte tyskarane ein rassia mot mistenksame bustader i Osloområdet den 4. april 1945. Blant anna vart huset hans på Ljan omringa av tyske soldatar, eit drama som enda med at Lauring måtte skyte seg ut ifrå huset. Same dag vart motstandsmennene Olav Ringdal jr. og Roy Nielsen drepne i ein dekkbustad i Bygdø allé 117. Medan Kolbein kom seg unna blei kona Kari Lauring teken til fange av tyskarane.
Kolbein tok imot St. Olavsmedaljen med eikegrein for innsatsen sin i motstandsarbeidet under krigen. I frigjeringsdagane i 1945 var han livvakt for kongefamilien, noko som seinare vart påskjønna med H.M. Kongens Erindringsmedalje. Etter krigen var han blant anna tilsett i Max Manus si bedrift.
Han døydde den 31. mai 1987 - 72 år gamal. Han var gravlagt på Nordstrand kyrkjegard. Kari Lauring døydde i 1993.
I filmen Max Manus blei han spelt av skodespelaren Christian Rubeck.
pGtlk,VGVUN5arHh 0G,66T rLs 0K0cMCaFtwgMrdWdjy,Q lw,d SCUk,YBPHo9w nQl5oaY8F31,9
Popular posts from this blog
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...
40 Yttrium ← Zirkonium → Niob Ti ↑ Zr ↓ Hf Heile tabellen Generelle eigenskapar Namn, kjemisk symbol, atomnummer Zirkonium, Zr, 40 Kjemisk serie Transisjonsmetall Gruppe, periode, blokk 4, 5, d Tettleik, hardleik 6510 kg/m 3 , 5 (ikkje SI) Utsjånad Sølvkvit Atomeigenskapar Atommasse 91,224 u (ikkje SI) Atomradius (berekna) 155 (206) pm Kovalent radius 148 pm Ioneradius 72 pm (ladning: +4) van der Waals radius (?) pm Elektronkonfigurasjon [Kr]4d 2 5s 2 Elektron per energinivå 2, 8, 18, 10, 2 Oksidasjonstrinn (oksid) +4 (amfotært) Krystallstruktur Heksagonal Fysiske eigenskapar Tilstandsform Fast stoff Smeltepunkt 2125 K (1852°C) Kokepunkt 4650 K (4377°C) Molart volum 14,02 cm 3 /mol Fordampingsvarme 58,2 kJ/mol Smeltevarme 16,9 kJ/mol Damptrykk 0,00168 Pa ved 2125 K Ljodfart 3800 m/s ved 20 °C D...