Batalden bedehuskapell
Koordinatar:
Batalden bedehuskapell | |
kapell | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Bjørgvin |
Prosti | Sunnfjord |
Sokn | Kinn |
Fellesråd | Kinn |
Type | Langkyrkje |
Material | Tre |
Innvigd | 26. februar 1911 |
Sitjeplassar | 100 |
Batalden bedehuskapell står på Fanøya i øygruppa Batalden i Flora kommune i Sogn og Fjordane, og er eit ombygd bedehus frå 1907.
Bedehuset vart bygd for fiskarane som var ute på øyane om vintrane i samband med dei store sildefiskeria.
Då Kinn kyrkje skulle restaurerast vart det søkt om å bruke bedehuset som kyrkje i mellomtida, dette vart innvilga og bedehuset vart vigsla som kapell 26. februar 1911.
Kapellet har vorte påbygd og oppussa mange gonger, tårnet kom til i 1951.[1]
Batalden bedehuskapell ligg i Kinn sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.
Sjå òg |
- Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Fotnotar |
↑ Torkjell Djupedal og Sigurd Vengen: «Batalden bedehuskapell» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff |
- Om Kinn sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Nettstaden til Kinn kyrkjelege fellesråd
Kyrkjer i Sunnfjord prosti | |
---|---|
Askrova · Askvoll · Batalden · Bjordal · Bulandet · Bygstad · Bø · Dale · Eikefjord · Florø · Folkestad · Førde · Guddal · Haukedalen · Helgheim · Hellevik · Hestad · Holmedal · Holsen · Hyllestad · Høyanger · Kinn · Kvammen · Kyrkjebø · Lavik · Naustdal · Nordal · Ortnevik · Sande · Stavang · Stongfjorden · Vadheim · Vassenden · Vevring · Viksdal · Vilnes · Værlandet · Øn · Ålhus |