Walter Fyrst




















Walter Fyrst

Walter Fürst.jpg

Fødd
6. juli 1901
Oslo
Død

23. februar 1993
Oslo


Yrke
filmregissør, filmprodusent, manusforfattar

Walter Fyrst (6. juli 1901–22. februar 1993) var ein norsk filmprodusent, manusforfattar, regissør og nasjonalsosialistisk politikar frå Oslo.


Walter Fyrst eigde produksjonsselskapet Fyrst-Film, og produserte i tillegg til reklame- og propagandafilm også ei rekke spelefilmar. Han vart i 1920-30-åra saman med Ottar Gladtvet rekna som ein av dei leiande innan norsk reklamefilm, lenge før dei eigentlege reklamebyråa såg dagens lys på 1950-talet.


Fyrst var med og stifta Nasjonal Samling (NS) på byrjinga av 1930-talet, men meldte seg snart ut att. I løpet av 1930-åra var han aktiv til å promotere Arbeidstenesta (AT) og arrangerte fleire sommarleirar for å få til ei friviljug Arbeidsfylking. Fyrst var òg medlem i Fedrelandslaget.


I 1941 fornya han medlemsskapet i NS og vart partiet sin propagandasjef. Han går for å vera opphavsmannen til dei fargesterke og stereotype plakatane som prega NS sin propaganda både før og under Den andre verdskrigen. Dei filmane han produserte, regisserte og skreiv manus til i perioden 1940-44 inneheldt alle meir eller mindre preg av nasjonalsosialistisk ideologi.


Han vart dømd i landssvikoppgjeret i 1945, men som eit døme på den pragmatiske haldninga som herska i enkelte miljø etter krigen kan nemnast at han så tidleg som i 1948 vart tilsett i firmaet til ingen ringare enn den berømte motstandsmannen Max Manus.



Filmproduksjonar |




  • 1927 - Troll-elgen


  • 1927 - Teddy paa biltur (animasjonsfilm)


  • 1928 - Cafe X


  • 1932 - Prinsessen som ingen kunne målbinde


  • 1942 - Vi er Vidkun Quislings hirdmenn


  • 1943 - Unge viljer


  • 1944 - Brudekronen


  • 1944 - Villmarkens lov


  • 1955 - Hjem går vi ikke





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva