Posts

IJssel

Image
Satellittbilete av IJssel IJssel ved Deventer IJssel , stundom kalla Gelderse IJssel (Gelderlandske IJssel) for å skilje ho frå Hollandse IJssel, er ei 120 km lang grein av Rhinen i provinsane Gelderland og Overijssel i Nederland. Ho renn frå Westervoort, aust for byen Arnhem, før ho munnar ut i IJsselmeer (kjend som Zuiderzee fram til Afsluitdijk stod ferdig i 1932). I mellomalderen var IJssel sin elvemunning Vlie. Ho er ein av tre store greiner som Rhinen deler seg i kort tid etter ho passerer grensa mellom Tyskland og Nederland. Dei to andre er Nederrijn og Waal. Namnet IJssel meiner ein kjem frå det germanske ordet i sala , som tyder «mørkt vatn». Vassføringa i IJssel kan variere stort. Middelavassføringa er 300 m³/s, men kan variere frå 140 til 1 800 m³/s. Innhaldsliste 1 IJssel som den nedre delen av Oude IJssel 2 IJssel som grein av Rhinen 3 Sideelvar og kanalar 4 Delta 5 Sjå òg 6 Kjelde IJssel som den nedre delen av Oude IJssel ...

Schelde

Image
Schelde elv Schelde i Antwerpen Land   Frankrike,   Belgia   Nederland Nedslagsfelt 21 860 km² Renn gjennom Gent, Antwerpen Sideelvar Lys Lengd 350 km Middelvassføring 120 m³/s Kjelde Gouy i Frankrike  - høgd 95 moh. Munning Westerschelde Wikimedia Commons: Scheldt Schelde (nederlandsk Schelde , fransk Escaut ) er ei 350 km lang elv som renn frå nordlege delar av Frankrike via vestlege område av Belgia og inn sørvestlege delar av Nederland Innhaldsliste 1 Geografi 2 Historie 3 Sideelvar 4 Kjelde 5 Bakgrunnsstoff Geografi | Schelde har utspring i Gouy i Aisne departmentet, nord i Frankrike. Ho renn nordover gjennom Cambrai og Valenciennes, og går inn i Belgia nær Tournai. I Gent, der ho møter elva Lys, den største sideelva hennar, snur Schelde austover. Nær Antwerpen, den største byen ho renn gjennom, flyt Schelde vestover og inn i Nederland mot Nordsjøen. ...

Oosterschelde

Image
Plasseringa til Oosterschelde Oosterschelde («Aust-Schelde») er eit estuar i Zeeland i Nederland mellom Schouwen-Duiveland og Tholen i nord og Noord-Beveland og Zuid-Beveland i sør. I romartida var dette den store munningen til elva Schelde. Før St. Felix-flaumen i 1530 rann ho nordover som ei elv frå austenden av Westerschelde, snudde vestover litt vest for Bergen op Zoom, og så vestover langs nordenden av det som i dag er Verdronken Land van Reimerswaal, og etter dette ut i eit breitt estuar. Seinare vart delar av desse tapte landområda tatt tilbake , slik at samanbindinga til Schelde berre var ein smal kanal kalla Kreekrak. Denne kanalen mudra derimot til og vart uframkommeleg. I 1903 vart Kreekak stengd på grunn av ei jernbanefylling over kanalen mellom øya Zuid-Beveland og fastlandet ved Noord-Brabant. Frå den tid har ikkje Oosterschelde lenger vore samanbunde til Schelde og fungerer ikkje lenger som eit estuar. Mellom Schouwen-Duiveland og Noord-Beveland er det to veg...

Nordsjøflaumen i 1953

Image
Råka område i Sør-Nederland (lys-blått) «Een dubbeltje op zijn kant» - på knivseggen . Minnesmerke ved Nieuwerkerk. Nordsjøflaumen i 1953 eller Watersnood van 1953 var ein kombinasjon av stormflod og ein sterk storm frå nordvest som råka kysten av Nederland, England, Belgia, Frankrike og Danmark natta mellom 31. januar og 1. februar 1953. Totalt døydde 2385 menneske, 1836 i Nederland, 18 i Vest-Flandern i Belgia, 307 i England og 224 på sjøen då fleire trålarar og ferja MV «Princess Victoria» gjekk ned med 133 menneske. Princess Victoria sokk i North Channel mellom Skottland og Nord-Irland. Stormen frå nordvest hadde vind opp i 97 km/t (full storm) med vindkast opp mot 144 km/t, og gjorde saman med springfloda at vatnet i Nordsjøen klokka 3:24 nådde ein rekordhøgd på 4,55 m over NAP ved Vlissingen. Innhaldsliste 1 Utvikling 2 Storbritannia 3 Nederland 3.1 Årsaker 3.2 Omfang 3.3 Radioreportasjar 3.4 Hjelp 3.5 Deltaprosjektet 3.6 ...

Deltaprosjektet

Image
Del av Oosterscheldekeringen Del av Oosterscheldekeringen Deltaprosjektet (nederlandsk Deltawerken ) er eit vernesystem mot flaum ved stormar og høg vasstand i Nederland i estuara til elvane Rhinen, Maas og Schelde. Dei ulike forsvarsverka ligg i provinsane Zeeland og sør i Zuid-Holland. Prosjektet vart starta etter den omfattande Nordsjøflaumen i 1953 som kosta over 1800 menneskeliv. I prosjektet inngår fleire demningar og barrièrar i dei mange elvegreinene og vikene i deltaet. Planen vart gjennomført over ein periode på om lag 40 år. Den første ferdige barrièren var Stormvloedkering Hollandse IJssel som stod ferdig i 1958. Den siste delen, Maeslantkering, stod ferdig i 1997. Under bygginga av dei ulike delane av prosjektet vart ny og unik teknologi teke i bruk. Spesielt gjaldt dette ved bygginga av Oosterscheldekeringen og Maeslantkeringen, som då òg fekk mykje merksemd frå utlandet. American Society of Civil Engineers utropte Deltaprosjektet til eit av dei sju moder...

IJsselmeer

Image
IJsselmeer innsjø Landsatbilete Land   Nederland Tilsig IJssel Areal 1 100 km² Koordinatar 52°49′N 5°15′E  Koordinatar: 52°49′N 5°15′E  Wikimedia Commons: IJsselmeer IJsselmeer er ein grunn innsjø på 1100 km² sentralt i Nederland på grensa mellom provinsane Flevoland, Noord-Holland og Friesland. Han har eit gjennomsnittleg djup på 5-6 meter og er kalla opp etter elva IJssel som munnar ut i innsjøen via den mindre innsjøen Ketelmeer. IJsselmeer er den største innsjøen i Vest-Europa. IJsselmeer oppstod i 1932 då bukta Zuiderzee vart lukka av den 32 km lange diket (demninga) Afsluitdijk . Dette var ein del av det store Zuiderzeeprosjektet som fleire år seinare førte til at IJsselmeer krympa inn. Tradisjonell båt på IJsselmeer I 1975 vart IJsselmeer vidare delt i to då Houtribdijk , i dag kalla Markerwaarddijk , vart bygd frå Enkhuizen og søraust til Lelystad. Denne tidlegare sørlege delen av IJsselmeer er i dag ein eig...

St. Elizabeth-flaumen i 1421

St. Elizabeth-flaumen (nederlandsk Sint-Elisabethsvloed ) i 1421 var ein flaum i Nederland. Natt til 19. november råka ein kraftig storm kysten av Nordsjøen og eit dike brast fleire stader slik at polderane som låg under havnivå vart oversvømd. Mange landsbyar forsvann i flaumen og mellom 2 000 og 10 000 menneske mista livet. Flaumen førte til enorme øydeleggingar i Zeeland og Holland og skilde byane Geertruidenberg og Dordrecht som tidlegare hadde kjempa mot kvarandre under krok- og torskekrigen. Det meste av området vart liggjande under vatn i fleire tiår. Etter kvart vart landområde drenert igjen, mellom anna øyane Dordrecht og Hoeksche Waard og nordvestlege område av Noord-Brabant (rundt Geertruidenberg). Det meste av Biesbosch-området har vore dekt av vatn sidan flaumen. Årsaka til flaumen var altså at dika brast og ikkje som den store Nordsjøflaumen i 1953 som vart skapt av stomflod. Sjå òg | St. Elizabeth-flaumen i 1404 Bakgrunnsstoff | Kjelder | Denne ar...