Posts

Pall

Image
Fotskammel eller pall. Pall av tre Sigerspall Pall (norrønt pallr ) er ei forhøging, avsats eller hylle som kan ha ulike bruksområde. [1] Innhaldsliste 1 Interiør 2 Opphøgingar 3 Transport 4 Kjelder Interiør | I norrøn tid var pall eit forhøga bordgolv langs langveggen og endeveggen i ei stove, og ein veggfast benk på eit slikt bordgolv. [2] Også i seinare norsk byggeskikk kunne pall vera ein veggfast benk i heimar. Pallen var gjerne fylt med jord for isolasjonen si skuld, og blei nokre stader kalla arubenk eller moldbenk. [3] Ein kunne også ha pallar som kyrkjebenkjar. [2] I nyare tid kan ein bruka omgrepet pall om ein fotskammel. I badstover kan pallar vera hyller som blir brukt til å liggja på. [2] På Bryggen i Bergen var pall eit rom under matskapet i ytrestova. [2] Opphøgingar | I båsar kan pallen vera eit opphøgd golv. I moderne idrett bruke ein sigerspallar til å æra først-, andre- og tredjemann i ei tevling. Transpor...

Seng

Image
Skuvseng i furu frå 1800-åra, frå Verdal i Nord-Trøndelag. Foto: Haakon Harriss, Norsk Folkemuseum, NF.1930-0417 Kvile eller stolpeseng datert 1698 frå Valle i Setesdal. Foto: Norsk Folkemuseum, NF.1911-0631 Himmelseng laga i bjørk og furu på midten av 1800-talet frå Eidsvoll i Akershus. Lengd 182 cm. Foto: Haakon Harriss Norsk Folkemuseum, NF.1924-0483 Køyesenger i fleire etasjar ombord i det amerikanske hangarskipet USS «Hornet» (CV-12) Seng (av norrønt sæ[i]ng [1] ) er eit liggemøbel som primært vert brukt til å kvila på og sova i. Senger er vanlegvis utstyrte med stoppa madrass og sengetøy. I eldre tid hadde ein naturmateriale som halm eller høy i sengene staden for madrass. Velståande folk hadde sengetøy fylt med fjører. Innhaldsliste 1 Sengetypar 2 Sjå òg 3 Kjelder 4 Bakgrunnsstoff Sengetypar | Det finst ei rekkje ulike sengetypar, mellom anna desse: Enkeltseng Seng laga for éin person. Ei enkeltseng kan ofte ha ei ramme av...

Skåp

Image
Moderne kjøkenskåp. Gamalt tysk skåp av eik. Sikringsskåp med automatsikringar. Skåp eller skap er anten eit avlukke med dør på eller i veggar i eit hus, eller ein frittståande møbel som kan lukkast med dør. Meininga med skåp er å take vare på gjenstandar, tøy, klede og anna, eller noko av husets tekniske innstallasjonar, ved å lukke dei inne på eit vis som verner dei mot ytre påverknader, støv og anna. Skåp som er utforma som ein møbel, har òg den funksjonen å vere ein prynad i rommet det står i. Døme på skåp er garderobeskåp for tøy og klede, kjøkenskåp for kjøkenutstyr, gryter, panner og anna, kjøleskåp for å halde matvarer kalde, sikringsskåp for sikringar og andre innretningar som har med det elektriske opplegget i huset å gjere. Uttrykk som har med skåp å gjere | Uttrykket «å kome ut or skåpet» vil seie at eit menneske står ope fram med sine meiningar, eigenskapar eller seksuelle legning som han eller ho før har løynt av skam over dette, eller av andre å...

Bord

Image
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bord (fleirtyding). Steinbord på kjøkkenet i Alcobaça-klosteret i Portugal. Foto: Júlio Reis Bord (av norrønt borð ) er eit møbel danna av ei vassrett plate som er heva frå bakken, ofte ved hjelp av bordbein. Bord kan brukast til ulike føremål, som å eta måltid på, arbeida, ha ting på eller samlast ved. Bord kan ha ei rekkje ulike utformingar og vera laga av ulike materiale, som glas, tre, metall eller plast. Dei kan brukast inne eller utandørs. Innhaldsliste 1 Utforming 2 Funksjon 3 «Bord» i namn 4 Sjå og 5 Kjelder 6 Bakgrunnsstoff Utforming | Rundt bord i Château de Valençay med bordplate av marmor og «egyptisk» pynt på sidene og beina. Taula Fractal II av kunstharpiks ved Disseny Hub Barcelona. Bordplater kan vera firkante, runde eller ha annan fasong. Dei kan vera av same materialet ein har brukt til å laga resten av bordet, eller vera dekte av eit anna materiale. Nokre bord kan gjer...

Sofa

Image
Sofa laga i Italia rundt 1835. Sofa er ein lang benk til å liggja eller sitja på. Han har ryggstø og armlener og er stoppa i setet og i ryggen. [1] Ordet «sofa» kom i bruk i Vest-Europa på 1600-talet. [1] Det kjem frå tyrkisk, og er avleidd frå arabisk suffa , 'ull'. [2] Sofa laga i Frankrike på slutten av 1600-talet, med gobelengstoff i silke og ull frå fabrikken Les Gobelins i Paris. Langsofa frå Sverige, laga på slutten av 1700-talet av Johan Erik Höglander. Det er uklare grenser mellom kanapeen og sofaen både når det gjeld namn og utforming. [1] Ein sofa kan ha to eller fleire sete som er plasserte lange ei linje eller over ein vinkel (hjørnesofa). Han har ei ramme som kan vera av tre, metall, plast eller laminat. Stoppinga kan vera skum, dun, stoff eller fjører. Ytst kan sofaen vera dekta av ulike tekstil, mjukt lêr eller kunststoff. Sofa utforma av Finn Juhl i 1951. Sofaen, som definert over, kom først i bruk i Noreg på 1600-talet, utforma i baro...

29. august

Image
29. august er den 241. dagen i den gregorianske kalenderen (242. under skotår). Det er 134 dagar att av året. Innhaldsliste 1 Merkedag 1.1 Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 1.2 Religiøs helgedag 1.3 Namnedag 2 Hendingar 2.1 Utlandet 2.2 Noreg 3 Fødde 4 Døde Merkedag | Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar | Religiøs helgedag | Bevegelege heilagdagar som fell på 29. august i 2019: Namnedag | Noreg Johan, Jone og Jo Sverige Hans og Hampus Danmark Johannes halshuggelse Hendingar | Utlandet | 1261: Jacques Pantaléon blei pave med namnet Urban IV. 1526: Ungararane tapte for osmanske styrkar under slaget ved Mohács, slik at store delar av Ungarn kom inn under Det osmanske riket. 1533: Inkaen Atahualpa blei avretta av spanjolane i Cajamarca. 1842: Freden i Nanking mellom Kina og Storbritannia. 1885: Gottfried Daimler og Wilhelm Maybach tok patent på motorsykke...

1975

Image
< 1975 > 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 Kultur i 1975 Kategoriar ▼ 1975 ► 1975 etter land ► 1975 etter verdsdel ► Døde i 1975 ► Fødde i 1975 ► Hendingar i 1975 ► Katastrofar i 1975 ► Kultur i 1975 ► Nedleggingar i 1975 ► Samferdsle i 1975 ► Skip frå 1975 ► Skipingar i 1975 ► Sport i 1975 ► Vitskap i 1975 1975 i andre kalendrar Gregoriansk kalender 1975 MCMLXXV Ab urbe condita 2728 Armensk kalender 1424 ԹՎ ՌՆԻԴ Kinesisk kalender 4671 – 4672 ?寅 – 乙卯 Etiopisk kalender 1967 – 1968 Jødisk kalender 5735 – 5736 Iransk kalender 1353 – 1354 Islamsk kalender 1395 – 1396 Hindukalendrar - Vikram Samvat 2030 – 2031 - Shaka Samvat 1897 – 1898 - Kali Yuga 5076 – 5077 Innhaldsliste 1 Hendingar 1.1 Utlandet 1.2 Noreg 2 Fødde 3 ...