Tonika
Tonika (frå gresk tonos , 'spaning') er eit musikkteoretisk namn på treklangen over grunntonen i ein dur- eller mollskala. I engelskspråkleg musikkteori blir namnet tonika òg nytta om grunntonen i eit musikkstykke og difor blir det ofte forveksla med grunntonen i andre treklangar. Namnet «tonika» kjem frå Jean-Philippe Rameau (1683-1764) og omgrepet hans «l'accord tonique» («grunntonen sin akkord» eller «den betonte akkorden»). I følgje han var det viktigaste med tonikaen evna til å stå i sentrum av alle harmoniske spenningsfelt, omtrent som ein magnet. Tonikaen og dei relaterte akkordane tonikamediant og tonikasubmediant blir kalla det tonale sentrum. Etter at Hugo Riemann introduserte funksjonsteorien har tonika blitt ein fast definert storleik, og står i forhold til dominant, subdominant og andre diatoniske akkordar. Nesten all den europeiske og nordamerikanske klassiske musikken frå ca. 1600 til ca. 1915 er tonal som tyder at vi kan skildre han ved hjelp av omg...