Çoruh
Çoruh | |
Tsjorokhi, Akampsis | |
elv | |
Land | Tyrkia, Georgia |
---|---|
Nedslagsfelt | 22 100 km² |
Lengd | 438 km |
Middelvassføring | 278 m³/s |
Kjelde | Mescidfjella |
Munning | Svartehavet |
Wikimedia Commons: Çoruh River | |
Çoruh (tyrkisk) eller Tsjorokhi (georgisk ჭოროხი; armensk Ճորոխ Tsjorokh, gresk Άκαμψις Akampsis) er ei elv som spring ut i Mescitfjella nordaust i Tyrkia. Ho renn gjennom byane Bayburt, Ispir, Yusufeli og Artvin, langs Kelkit-Çoruh-forkastinga, før ho renn inn i Georgia, der ho munnar ut i Svartehavet like sør for Batumi og nokre få kilometer nord for den tyrkisk-georgiske grensa.
I Periplus Ponti Euxini av Arrian vert ho kalla Άκαμψις Acampsis; Plinius kan ha forveksla ho med Bathys.[1]
Innhaldsliste
1 Biologisk mangfald
2 Fritid
3 Demningar
4 Kjelder
5 See also
Biologisk mangfald |
Çoruhdalen ligg i den økologiske sonen i Kaukasus, som av World Wild Fund for Nature og Conservation International vert rekna som ein stad med særleg stort biologisk mangfald.[2][3] Çoruhdalen vert av tyrkiske bevaringsorganisasjonar rekna som eit viktig planteområde,[4] eit viktig fugleområde,[5] eit nøkkelområde for biologisk mangfald[6] og er utpeikt som eit høgprioritert verneområde. Dalen er rik på planteliv og her finst 104 nasjonalt utryddingstrua planteartar der 67 av dei er endemiske for Tyrkia.[4]
Fritid |
Çoruh har vorte kalla ein juvel for økoturisme og den siste gjenverande ville elva i Tyrkia, og vert marknadsført for gode høve for elvepadling.[7]
Demningar |
Det er planlagt bygd i alt 13 demningar i Çoruh-elva som ein del av vasskraftutbygging.[8], men i alt er 27 demningar planlagte i heile vassdraget. Fleire av dei er alt bygd, som Derinerdemninga.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Çoruh River» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2012.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ William Smith, Dictionary of Greek and Roman Geografi, 1:216 (1854).
↑ WWF Global 200 Regions
↑ Conservation International Biodiversity Hotspots
↑ 4,04,1 Ozhatay N, Byfield A & Atay S 2005, 122 Important Plant Areas of Turkey, for WWF Turkey, Istanbul, Turkey.
↑ Magnin G & Yarar M 1989, Important Bird Area i Turkey, Dogal Hayati Koruma Dernegi, Turkey.
↑ Eken G, Bozdogan M, I˙sfendiyaroglu S, Kılıç DT & Lise Y, (editörler) 2006, Key biodiversity areas i Turkey, Doga Dernegi, Ankara, Turkey.
↑ United Nations Development Programme: Europa & CIS, "Eastern Tyrkia Becomes Tourist Destination" [1]
↑ ENCON 2006, ‘Yusufeli Dam and Hydroelectric Power Project Environmental Impact Assessment’, Ankara, Turkey.
See also |
- European Rivers Network
- ECA Watch
- Friends of the Earth
Koordinatar:
|