Elisabet
Elisabet, Elisabeth og Elizabeth er bibelske kvinnenamn som er utbreidd i heile den kristne verda. Namnet finst i fleire variantar, tilpassa dei fleste språka i Europa. «Elisabet» er ein gresk variant av det hebraiske Elisjeba (אלישבע), som tyder 'Gud (Elohim) er fullkomen'.
Elisabet(h) vart svært populært i Noreg i andre halvdel av det tjuande hundreåret. Det nådde ein topp som babynamn rundt 1980, men har sidan mista popularitet. Elisabeth har namnedag 19. november i alle dei skandinaviske landa.
Innhaldsliste
1 Bruk
2 Utanlandske variantar av Elisabeth
3 Kjende namneberarar
3.1 Helgenar
3.2 Kongelege
3.3 Andre
4 Annan bruk
5 Bakgrunnsstoff
5.1 Kjelder
Bruk |
Elisabeth er mest kjend som mora til Johannes døyparen. Som Isak var han eit mirakelbarn mora fekk på sine eldre dagar etter å ha gjeve opp håpet om barn. I det gamle testamentet finn me òg ei Elisabeth, ho var kona til Aron. Bibelen fortel at den yngre Elisabeth var av Aron si slekt. Innan seinare kristendom blei også den heilage Elisabeth av Thüringen ein viktig helgen.
Namnet blei etter kvart mykje brukt av kongelege, noko som gjorde mykje til at det blei spreidd. Den heilage Elisabeth som levde på ellevehundretalet var ei ungarsk kongsdotter som blei fransiskanarnonne og levde resten av livet sitt i from armod. Elizabeth I av England, Isabella II av Spania og Jelizaveta av Russland gjorde nok òg sitt for å få namnet på moten.
Det finst 17.502 kvinner som heiter Elisabeth i Noreg, og 827 som heiter Elizabeth (tal frå Statistisk Sentralbyrå, frå 1. januar 2004). Nokre vanlege norske former av namnet er Elise, Elsa, Lisa, Liss, Lisbet og Betty.
Utanlandske variantar av Elisabeth |
- Engelsk: Alica, Eliza, Elspeth, Libby, Liz, Lizzie, Lillibet, Bess, Betsy, Beth
- Finsk: Lusa
- Fransk: Lisette, Isabeau, Isabelle
- Frisisk: Telsa
- Gresk: Elisavet / Ελισάβετ
- Italiensk: Elisabetta, Bettina
- Polsk: Elzbieta
- Russisk: Jelizaveta
- Spansk: Isabel, Isabella
- Svensk: Elisabet
- Ungarsk: Erzsebet
- Tysk: Elise, Elsa, Ilse, Liese, Liesel,
Andre utbreidde kortformer: Ella, Elli, Lisa, Sisi
Kjende namneberarar |
Helgenar |
Elisabeth av Thüringen (1207-1231) med minnedag 19. november
Kongelege |
Elisabeth av Kiev (1025-1067), gift med Harald Hardråde
Elisabeth av Portugal (1271-1336), Isabella av Aragon
Elizabeth Woodville (1437-1492), dronninggemalinne til Edvard IV
Elisabeth av Habsburg (1437-1505), dronning av Polen
Elizabeth av York (1466-1503), mor til Henrik VII
- Dronning Elisabeth I av England (1533-1603)
Elisabeth Stuart (1596-1662), kurfyrstinne av Pfalz, dronning av Bøhmen
Elisabeth av Russland (1709-1762)- Keisarinne Elisabeth av Austerrike (1837-1898)
- Dronningmora Elizabeth Bowes-Lyon (1900-2002)
- Dronning Elisabeth II av Storbritannia (f. 1926)
Andre |
Elizabeth Barrett Browning (1806-1861), engelsk diktar
Elizabeth Ryan (1892-1979), USA-amerikansk tennisspelar
Elisabeth Schweigaard Selmer (1923-2009), norsk justisminister
Elisabeth Granneman (1930-1992), norsk songar og MGP-deltakar
Elizabeth Taylor (1932-2011), USA-amerikansk filmskodespelar
Elizabeth Moon (f. 1945), USA-amerikansk sci-fi-forfattar
Elisabeth Røbekk Nørve (f. 1951), norsk politikar (H)
Elisabeth Berge (f. 1954), norsk forretningskvinne
Elisabeth Andreassen (f. 1958), svensk songar og norsk Eurovision-deltakar
Elizabeth Norberg-Schulz (f. 1959), norsk-italiensk operasongarinne
Elisabeth Aspaker (f. 1962), norsk politikar (H)
Elisabeth Bakke (f. 1962), norsk statsvitar
Elizabeth Smylie (f. 1963), australsk tennisspelar
Elisabeth Moberg (f. 1964), norsk songar frå Kvinner på randen.
Elizabeth Hurley (f. 1965), britisk filmskodespelar
Elisabeth Görgl (f. 1981), austerriksk alpinist
Annan bruk |
Elisabethansk tid, omgrep for den kulturelle tidsperioden då Elisabeth I regjerte i England.
Bakgrunnsstoff |
Søk etter norsk namnestatistikk for Elisabeth hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder |
- Statistisk sentralbyrå
- «Elisabeth» på bokmålswikipedia
- «Elisheva» på engelsk Wikipedia