Bjørnestad i Hyllestad
Bjørnestad | |
stad | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Hyllestad |
Postnummer | 6958 SØRBØVÅG[1] |
Bjørnestad er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Garden har matrikkelnummer 9.[2][3]
Innhaldsliste
1 Geografi
2 Historie
2.1 Landhandleri, post, kai og dampskipsstoppestad
2.2 Skifjorden skule og Skifjord bedehus
3 Namnet
4 Sjå òg
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Geografi |
Bjørnestad ligg på austsida av nordarmen til Skifjorden og grensar i nord til Myklebust, mot Rutle og Teige i nordaust og mot Vågane i sør.[3]Fylkesveg 65 i Sogn og Fjordane går over garden.[4]
Historie |
Det var fire bruk på garden frå 1876 og brukarane vart sjølveigande mellom 1805 og 1857.
Garden var bondegods også i gammal tid, men han kom i eiga til kongen i 1617, og sidan var han ei tid del av Svanegodset, før ymse embetsmannslekter eigde bruka fram til leiglendingane kjøpte seg ut.[3]
Det har vore sag på Bjørnestad minst sidan 1600-talet, og det var også kvern der. Fiske har vore ein viktig del av næringsgrunnlaget.[4]
Landhandleri, post, kai og dampskipsstoppestad |
Det vart drive landhandel på garden frå 1908. Landhandleriet vart seinare flytt ned til sjøen og det vart bygd kai.[3]
Oppsitjarane i Skifjorden hadde i eit par tiår arbeidd for å få Fylkebaatane til å leggje dampbåtrute innom fjorden, og då arbeidet førte fram kring 1920 kom Bjørnestad inn som stoppestad. Stoppestaden på Bjørnestad vart lagt ned i 1964.[5]
Frå 1908 var det brevhus på Bjørnestad, med postnummer 5945 BJØRNESTAD. I 1920 vart brevhuset omgjort til postopneri og postnummeret vart endra til 5945 SKIFJORD. Postopneriet vart nedlagt 1. mars 1968.[6]
Skifjorden skule og Skifjord bedehus |
Skulen for Skifjord-krinsen vart sett opp på garden, og det vart bygd eit bedehus der.[4] Skifjord bedehus var bygd av Gerhard Folkestad i 1914.[7]
Namnet |
Namnet kjem av førenamnet Bjarni eller Bjørn og viser at det har vore drive gardsdrift på staden i 1000-1500 år.[3]
I kjeldene er namnet skrive «Biørnestad» (NRJ. II 140), «Biørnnestadt» (1563), «Biørnestad» (1567), «Biørnstad» (1603 og 1608), «Biørnesta» (1667) og «Biørnstad» (1723).[8]
Bjørnestad er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Bjørnestad» i 1986, men avslo å godkjenne «Biørnastad» i 2006.[9]
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg |
- Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder |
↑ «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 26. november 2010
↑ «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 26. november 2010
↑ 3,03,13,23,33,4 Inger Kellmer (1990). «Bjørnestad : Gnr. 9». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket. I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 79. ISBN 8299219817.
↑ 4,04,14,2 «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Henta 26. november 2010.
↑ Finn Borgen Førsund (1998). «Skifjorden». Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde: Selja Forlag. s. 75-76. ISBN 82-91722-04-8.
↑ «Poststadsdatabasen til Postmuseet på Maihaugen». Vitja 27- november
↑ «Hermund Kleppa: «Folkestad bedehus»».
↑ «Oluf Rygh: «Bjørnestad» i Norske Gaardnavne på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».
↑ «yr.no». Vitja 26. november 2010
Bakgrunnsstoff |
- «Bjørnestad» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv
- «Bjørnestad» i matrikkelutkastet av 1950
- «Bjørnestad» i gardsmatrikkelen for 1886
- Vidare lesnad
Inger Kellmer (1990). «Bjørnestad : Gnr. 9». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket. I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 79-92. ISBN 8299219817.