Teige er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke.
Garden har matrikkelnummer 12.[2][3]
Innhaldsliste
1Geografi
2Historie
3Namnet
4Sjå òg
5Kjelder
6Vidare lesnad
7Bakgrunnsstoff
Geografi |
Teige ligg ved Teigevatn og grensar til Rutle, Teigenes, Bjørnestad og Trøsdalen.[3]
Historie |
Teige vart skild ut frå Rutle i gammal tid som fire teigar som vart gjevne til Øn kyrkje. Garden låg aude frå 1300-talet, og vart ikkje teken oppatt før utpå 1500-talet.
Garden vart delt i to bruk kring 1650, og nabogarden Teigenes vart skilt ut som eigen gard i same perioden.
Det ytste bruket vart fråflytt i 1952 og husa der er vekke.
Det har vore drive stampe og sagbruk i Teigeelva.[3]
Namnet |
Namnet kjem av at området vart skilt ut frå Rutle som fire teigar i gammal tid, og gjeve til Øn kyrkje.
I kjeldene er namnet skrive «Theighar» (DN. XII 232 c. 1490), «Theige» (1603), «Theyge» (1608), «Teige» (1667) og «Teige med Teigenes» (1723).[4]
Teige er brukt som stadnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Teige» i 1986.[5]
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg |
Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder |
↑«Postnummerkart på nettstaden til Posten».Vitja 2. desember 2010
↑Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Gardsl
↑ 3,03,13,2Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Bygdebok
↑«Oluf Rygh: «Teige» i Norske Gaardnavne».
↑«yr.no».Vitja 2. desember 2010
Vidare lesnad |
Inger Kellmer (1990). «Teige : Gnr. 12». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket. I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 103-110. ISBN 8299219817.
Bakgrunnsstoff |
«Teige» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...