Voltaire
Voltaire | |
Pseudonym | Voltaire |
Fødd | 21. november 1694 Paris |
Død | 30. mai 1778 |
Yrke | filosof, lyrikar, historikar, essayist, skodespelforfattar, sjølvbiograf, dagbokskriver, dikterjurist, science fiction-forfattar, Encyclopédistes, correspondent, forfattar |
Språk | fransk |
Sjanger | roman |
Mor | Marguerite d’Aumard |
Voltaire på Commons |
Voltaire, eigentleg François-Marie Arouet, (21. november 1694–30. mai 1778) var ein fransk forfattar, dramatikar og samfunnskritikar.
Han vart fødd i Paris som son av notaren François Arouet og Marie-Marguerite D'Aumard. Arouetfamilien var ein velståande kjøpmannsfamilie, og François var 5. barn i søskenflokken.
Voltaire var ein produktiv forfattar, som skreiv verk i nesten kvar einaste litterære form og sjanger. Han skreiv skodespel, poesi, romanar, essay, historiske og vitskapelege verk, meir enn 20 000 brev og meir enn 2000 bøker og pamflettar.
Voltaire var ein av opplysningstida sine store filosofar, og ein stor forkjempar for ytringsfridom og menneskerettar. Han er tillagd den klassiske formuleringa av toleranseprinsippet: «Eg er heilt ueinig med deg, men vil kjempe inntil døden for din rett til å seie det du seier.» I dag veit ein at sitatet truleg er laga av Evelyn Beatrice Hall, sidan det har vore umogleg å finne dette sitatet i Voltaire sine verk. Det er truleg ein parafrase over eit uttrykk i eit brev han skreiv i februar 1770 til M. le Riche, der det heiter: «Eg avskyr det du skriv, men eg vil ofre livet for å gjere det mogleg for deg å halde fram med å skrive.»[1]
Innhaldsliste
1 Kjelde
2 Verk
3 Referansar
4 Bakgrunnsstoff
Kjelde |
Bokmålswikipediaen.
Verk |
Œdipe, drama, 1718
La Henriade, 1728
Histoire de Charles XII, roi de Suède, 1730 - norsk omsetjing 1943: Karl den tolvte
Brutus, 1730
Zaïre, drama, 1732
Le temple du goût, 1733
Lettres anglaises ou Lettres philosophiques, 1734 - norsk omsetjing 1990: Filosofiske brev ISBN 82-03-16317-3
Adélaïde du Guesclin, 1734
Mahomet, drama, 1736
Mondain, 1736
La Mort de César, drama, 1736
Epître sur Newton, 1736
Traité de métaphysique, 1736
L’Enfant prodigue, 1736
Essai sur la nature du feu, 1738
Eléments de la philosophie de Newton, 1738
Zulime, 1740
Le fanatisme ou Mahomet le prophète, 1741
Mérope, 1743
Zadig (La Destinée), 1748 - norsk omsetjing 1861
Le monde comme il va, 1748
Nanine, ou le Péjugé vaincu, 1749
Le Siècle de Louis XIV, 1751
Micromégas, 1752
Poème sur le désastre de Lisbonne, 1756
Essai sur les mœurs et l'esprit des Nations, 1756
Histoire des voyages de Scarmentado écrite par lui-même, 1756
Candide ou l'Optimisme, 1759 - norsk omsetjing 1930
Tancrède, 1760
Histoire d'un bon bramin, 1761
La Pucelle d'Orléans, 1762
Traité sur la tolérance, à l'occasion de la mort de Jean Calas, 1763 - norsk omsetjing 2005: Traktat om toleransen ISBN 82-03-19018-9
Ce qui plait aux dames, 1764
Dictionnaire philosophique portatif , 1764
Jeannot et Colin, 1764
De l'horrible danger de la lecture, 1765
Petite digression, 1766
Le Philosophe ignorant, 1766
L'ingénu, 1767
La Princesse de Babylone, 1768
Canonisation de saint Cucufin, 1769
Questions sur l'Encyclopédie, 1770
Les lettres de Memmius, 1771
Il faut prendre un parti, 1772
Le Cri du Sang Innocent, 1775
De l’âme, 1776
Dialogues d’Euhémère, 1777
Correspondance avec Vauvenargues, 2006
Referansar |
↑ http://www.classroomtools.com/voltaire.htm
Bakgrunnsstoff |
- La Société Voltaire
Verk av Voltaire - Project Gutenberg- Komplett liste over skodespela til Voltaire
|