Richard Strauss



















































Richard Strauss
1904 Richard Strauss.jpg

Fødd
11. juni 1864
Fødestad München
Død
8. september 1949
Dødsstad Garmisch-Partenkirchen
Fødenamn Richard Georg Strauss
Opphav Tyskland
Sjanger
opera, symfoni, klassisk musikk
Verka som
komponist, dirigent, librettist, skribent, musikar
Far Franz Strauss
Gift med Pauline Strauss-de Ahna
Prisar
Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste, Æresborger av München, Bayerischer Maximiliansorden für Wissenschaft und Kunst, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, list of honorary citizens of Vienna



Richard Strauss (av Emil Orlik, 1916)




Ein ungdommeleg Strauss


Richard Georg Strauss (11. juni 1864–8. september 1949) var ein leiande tysk komponist og dirigent frå seinromantikken og tidleg modernisme.


Han er svært kjend for operaene sine, til dømes Der Rosenkavalier (1909-10) og Salome (1904-05); lieder, spesielt Vier letzten Lieder (1948) og tonedikta og orkesterverka, som Tod und Verklärung (1888–1890), Till Eulenspiegels lustige Streiche (1895), Also sprach Zarathustra (1896), Eine Alpensinfonie og Metamorphosen für 23 Solostreicher (1946). Strauss var elles ein stor dirigent og teaterleiar.


Som Gustav Mahler er Strauss ein representant for den tyske seinromantikken etter Richard Wagner. Eit særmerke var nye orkestreringsteknikkar kombinert med ein avansert harmonikk.


Richard Strauss skreiv over 250 musikkverk, totalt 61 orkesterverk (inkludert dei for soloinstrument), 45 kammermusikkverk, 75 songar, 33 orkestersongar, 19 korverk og 21 sceneverk.


Han var ikkje i slekt med den kjende austerrikske komponistfamilien Strauss frå Wien.



Operaer |




  • Arabella op. 79 1930-32


  • Ariadne auf Naxos op.60 1911-12


  • Capriccio op.85 1940-41


  • Daphne 1937


  • Der Rosenkavalier op.59 1909-10


  • Die ägyptische Helena 1927


  • Die Frau ohne Schatten op.65 1914-18


  • Elektra op.58 1906-08


  • Intermezzo 1923


  • Salome op.54 1904-05



Tonedikt |




  • Don Juan op.20 1888


  • Tod und Verklärung op.24 1888-89


  • Till Eulenspiegels lustige Streiche op.28 1894-95


  • Also sprach Zarathustra op.30 1895-96


  • Don Quixote op.35 1896-97


  • Ein Heldenleben op.40 1897-98


  • Symfonia Domestica op.53 1902-03


  • Eine Alpensinfonie op.64 1911-15



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Richard Strauss




  • Verk av og om Richard Strauss i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket

  • Richard Strauss' samla verk





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal