Hjellegjerde






















































Hjellegjerde
Selskapsform Aksjeselskap
Org.nr. 933853101
Skipa 1941
Morselskap Hjellegjerde ASA
Dotterselskap Hjellegjerde Møbler AS
Hjellegjerde AS
Hjellegjerde Eiendom AS
Hove Møbler AS
Hjellegjerde Skandinavia AS
Hjellegjerde Uk Ltd
Hjellegjerde Asia Co Ltd
Hjellegjerde Baltija Uab
Fjords Europe Gmbh
Fjords Usa Inc
Fjords France Sarl
Bransje Møbelproduksjon, marknadsføring, utleige av eigendom m.m.
Produkt Sittemøblar
Hovudkontor Sykkylven
Styreleiar Lars Andreas Buer
Adm.dir. Olav Inge Røyset
Tilsette Noreg: 140 (2008)[1]
ASA: 6-10
Nettstad www.hjellegjerde.no

Hjellegjerde er eit norsk møbelkonsern. Morselskapet er Hjellegjerde ASA, og selskapet har salsselskap i Noreg, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og USA. I Noreg har selskapet ein fabrikk i Sykkylven; Hjellegjerde Møbler AS. Hjellegjerde har òg produksjon i Litauen (Hjellegjerde Baltjia) og Thailand (Hjellegjerde Asia Co Ltd).




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Dagens situasjon


  • 3 Varemerke


  • 4 Referansar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Historie |


Hjellegjerde møbler vart etablert i 1941 av brørne Otto og Mindor Hjellegjerde i bygda Sykkylven i Møre og Romsdal. Bedrifta starta med møbelproduksjon i kjellaren heime hjå Otto og Henny Hjellegjerde. I 1946 vart også den tredje broren, Ingvald Hjellegjerde med i firmaet.


Bedrifta har vore utsett for to brannar, den største av desse i 1981, der halvparten av fabrikken, ca. 4500 m2 gjekk tapt. Eit heilt livsverk gjekk opp i røyk, men andre generasjon saman med dei tilsette klarte å rydde opp att etter brannen og få produksjonen i gang igjen. Allereie månaden etter var produksjonen i gang igjen. I 1981 opna fabrikken ein ny og moderne fabrikkbyggning.



Dagens situasjon |


Sidan starten i 1941 og fram til i dag har Hjellegjerde gått frå å vere ei lita familiebedrift til å vere eit større børsnotert konsern med marknadspreidning over fleire kontinent; Europa, USA, Asia og Australia. Varemerket «Hjellegjerde» vert ofte målt til å vere det nest mest kjende i Noreg, og selskapet har ein sterk posisjon i heimemarknaden.[treng kjelde]


Selskapet har i løpet av 2000-talet flagga ut ein del av produksjonen. Dette har kome på bakgrunn av høge produksjonskostnadar i Noreg samanlikna med andre land. Det er i dag produksjon av salongar og kvilestolar ved fabrikkane i Litauen og Thailand.



Varemerke |




  • Hjellegjerde® er felles varemerke for alle møblar produsert av konsernet.


  • Fjords® blei lansert i januar 2006. Namnet skulle fungere som eit samlande markedsnamn for selskapet sitt internasjonale program.


  • Dsigned® dekker det skandinaviske modulsofakonseptet, dette er vidare inndelt i LivingTM, InlineTM og MantovaniTM


  • Scansit® er selskapet sin kvilestolkolleksjon. Det meste av produksjonen foregår i Thailand.



Referansar |





  1. Teknisk Ukeblad «Hjellegjerde kutter» Publisert 20. november 2008




Bakgrunnsstoff |



  • Hjellegjerde - heimeside




Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal