Alfons Johansen

Multi tool use
Multi tool use




















Alfons Johansen

Fødd
3. januar 1891
Død

23. januar 1941


Yrke
politikar, redaktør

Alfons Johan Johansen (3. januar 1891–23. januar 1941) var ein pressemann frå Nes i Lødingen som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget 1928-30 og 1934-41.


Johansen var son til ein fiskar. Sjølv utdanna han seg til maskinist og var i to år skipsmaskinist, arbeidde så på Harstad mek. Verksted til 1923. Frå 1923 var han redaktør og forretningsførar i avisa Folkeviljen som kom ut i Harstad.


Johansen var medlem i Trondenes heradsstyre 1922-26, deretter varaordførar frå 1926 i det nyoppretta heradet Sandtorg. Ordførar i Sandtorg 1934-37. Hausten 1927 vart han vald til stortingsrepresentant frå Troms fylke for Arbeidarpartiet. Han lukkast ikkje verte attvald i 1930, men kom innatt på Tinget etter stortingsvalet 1933, attvald i 1936. Periodane 1928-30 og 1934-36 var han medlem i Militærkomiteen, frå 1937 sat han i Skog- og vassdragskomiteen.


Johan hadde ei rad tillitsverv. Mellom anna var styremedlem i Harstad hamnestyre, i Harstad og Troms fylkessjukehus, styreformann i Trondenes Kraftverk frå 1935, så vel som for avdelingskontoret til Hypotekbanken og Småbruk- og Boligbanken i Tromsø frå 1938, begge desse verva hadde han til døydde 50 år gammal.



Kjelder |


Stortingsbiografi







FkmOr7K Bl i0Vy24pl2lybwC
Br894,CwTlj

Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Zirkonium