Elektronmikroskopi av ulike typar plantepollen. Pollen er veldig vanlege allergen.
Klassifikasjonar og ressursar
Type I hypersensitivitet er ein allergisk reaksjon som vert utløyst av reeksponering for spesifikke antigen som vert kalla allergen.[1] Type I må ikkje forvekslast med type II, type III eller type IV.
Eksponering kan vere gjennom inntak, inhalering, injeksjon eller direkte kontakt.
Innhaldsliste
1Patofysiologi
2Behandling og prognose
3Dømer
4Sjå òg
5Kjelder
Patofysiologi |
Ved type 1 hypersensitivitet vert eit antigen presentert for CD4+ Th2-celler som er spesfikke for antigenet, og som stimulerar B-celleproduksjon av IgE-antistoff som òg er spesifikke for antigenet. Forskjellen mellom ein normal infeksiøs immunrespons og ein type 1 hypersensitivitetsrespons, er at det involverte antistoffet er IgE i staden for IgA, IgG eller IgM. Ved sensitivisering vil IgE-antistoffa binde seg til Fcε-reseptorar på overflata av mastceller og blodbasofilar.[2] Mastceller og basofilar som er dekte av IgE-antistoff vert «sensitiviserte». Ved seinare eksponering for det same allergenet vil det bundne IgE-antistoffet på sensitiviserte celler krysslenkast, og set dimed i verk ei degranulering, og utskillinga av farmakologisk aktive mediatorar, som til dømes histamin, leukotrien (LTC4 og LTD4) og prostaglandin som verkar på dei omfemnande veva. Dei prinsipielle verknadane av desse produkta er vasodilatasjon og glattmuskelsamantrekking.
Type 1 hypersensitivitet kan vidare delast inn i umiddelbare reaksjonar og seinfasereaksjonar. Den umiddelbare reaksjonen oppstår innan få minutt etter eksponering, og inkluderer utsleppet av vasoaktive amin og lipidemediatorar. Seinfasereaksjonen oppstår etter 2—4 timar, og inkluderer utsleppet av cytokin.[3]
Oversyn over mediatorar som vert slopne ut av mastceller ved type I hypersensitivitet:
Vasodilatasjon og auka permeabilitet
Histamin
PAF
Leukotrien C4, D4 og E4
Prostaglandin D2
Nøytrale proteasar
Spasmer i glattmusklar
Histamin
PAF
Leukotrien C4, D4 og E4
Prostaglandin
Leukocyttekstravasasjon
Cytokin (t.d. kemokin og TNF)
Leukotrien B4
Kjemotaktiske faktorar for nøytrofilar og eosinofilar
Med mindre noko anna er spesifisert, så er referansen for denne tabellen:[4]
Reaksjonen kan vere anten lokal eller systemisk. Symptom varierer frå mild irritasjon til plutseleg død som følgje av anafylaktisk sjokk.
Behandling og prognose |
Behandlingar plar å vere med adrenalin, antihistamin og kortikosteroidar. Viss heile kroppen er omfamna kan anafylaksi oppstå, og skape ein akutt, systemisk og potensielt dødeleg reaksjon.
Dømer |
Nokre dømer:
allergisk astma
allergisk konjunktivitt
allergisk rhinitt («høysnue»)
anafylaksi
angioødem
urticaria
eosinofili
penicillinallergi
cefalosporinallergi
matallergi
Sjå òg |
Type I hypersensitivitet
Type II hypersensitivitet
Type III hypersensitivitet
Type IV hypersensitivitet
Type V hypersensitivitet
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Type I hypersensitivity» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2015.
↑Immediate Hypersensitivity Reactions Medscape. Henta 12. januar 2015.
↑«The Adaptive Immune System: Type I Immediate Hypersensitivity». Henta 22. september 2008.
↑Shiv Pillai MD; Abul K. Abbas MBBS; Andrew Wilson PhD (2011). Cellular and Molecular Immunology: with STUDENT CONSULT Online Access. Philadelphia: Saunders. ISBN 1-4377-1528-1. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)
↑Table 5-2 in:Mitchell, Richard Sheppard; Kumar, Vinay; Abbas, Abul K.; Fausto, Nelson. Robbins Basic Pathology. Philadelphia: Saunders. ISBN 1-4160-2973-7. CS1 maint: Multiple names: authors list (link) 8th edition.
v•d•e
Immunologiske sjukdommar: hypersensitivitet og autoimmune sjukdommar (279.5–6)
Bruk aldri helseinformasjon frå Internett, medrekna Wikipedia, utan å rådspørja helsepersonell.
Informasjon på Wikipedia er ikkje naudsynlegvis sann, presis eller oppdatert. Hugs at Wikipedia er eit nettbasert leksikon som alle kan endre. Wikipedia er ikkje eit alternativ til profesjonell helsehjelp. Viss du treng medisinsk hjelp, venlegst ring ditt lokale nødnummer, eller rådfør deg med helsepersonell (lege, sjukepleiar, osb.).
Sjå Wikipedia:Helsemessige forhold for meir informasjon.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...