Ytre Sogn prosti var frå 1819 til 2013 eit tenestedistrikt i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.
Prostiet vart skipa i 1819 då Sogn prosti vart delt i to: Ytre og Indre Sogn prosti.
I 2013 vart prostiet lagt ned og sokna overført til naboprostia.[1] Prostiet femna kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik og Balestrand. Prosten hadde sete i Lavik.
Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet.
Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn.
Innhaldsliste
1Sokn
2Prestegjeld
3Sjå òg
4Referansar
5Bakgrunnsstoff
Sokn |
Ved nedlegginga hadde prostiet 15 sokn.
Arnafjord sokn (Sogn prosti)
Balestrand sokn (Sogn prosti)
Bjordal og Ortnevik sokn (Sunnfjord prosti)
Brekke sokn (Nordhordland prosti)
Feios sokn (Sogn prosti)
Fresvik sokn (Sogn prosti)
Gulen sokn (Nordhordland prosti)
Hyllestad sokn (Sunnfjord prosti)
Høyanger sokn (Sunnfjord prosti)
Kyrkjebø sokn (Sunnfjord prosti)
Lavik sokn (Sunnfjord prosti)
Mjømna sokn (Nordhordland prosti)
Solund sokn (Nordhordland prosti)
Vangsnes sokn (Sogn prosti)
Vik sokn (Sogn prosti)
I parentes står noverande prosti.
Prestegjeld |
Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld. Ordninga vart så fasa ut. Før utfasinga hadde Ytre Sogn prosti desse prestgjelda:
Gulen prestegjeld
Gulen sokn
Brekke sokn
Mjømna sokn
Solund prestegjeld
Solund sokn
Hersvik sokn
Husøy sokn
Hyllestad prestegjeld
Hyllestad sokn
Bø sokn
Øn sokn
Lavik prestegjeld
Lavik sokn
Kyrkjebø sokn
Bjordal og Ortnevik sokn
Høyanger sokn
Vik prestegjeld
Vik sokn
Vangsnes sokn
Arnafjord sokn
Fresvik sokn (overført frå Leikanger prestegjeld i Indre Sogn prosti 1999)
Feios sokn (overført frå Leikanger prestegjeld i Indre Sogn prosti 1999)
Balestrand prestegjeld
Kvamsøy sokn
Tjugum sokn
Fjærland sokn (overført til Sogndal prestegjeld i Indre Sogn prosti 2000)
Sjå òg |
Kyrkjer i Noreg etter kommune
Referansar |
↑«Ytre Sogn prosti blir lagt ned - Solund fryktar for soknepresten sin» - NRK 15.februar 2013.
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...