Sulafjorden






MF Tidesund kryssar Sulafjorden mellom Sulesund og Hareid.


Sulafjorden er ein 9 kilometer lang og 4-5 km brei fjord i Hareid og Sula kommune på Sunnmøre. Han ligg mellom nordaustsida av øya Hareidlandet og sørvestsida av øya Sula. Fjorden utgjer den ytre delen av Storfjorden.


Fjorden har innløp i nord mellom Kvitneset på Hareidlandet og Eltraneset på Sula. Nordvest for fjorden ligg Breidsundet. Brandal ligg på vestsida litt inn i fjorden og litt lenger sør ligg tettstaden Hareid. Frå her går det ferje over til Sulesund på andre sida. Den største djupna i fjorden er 445 m, midfjords mellom Ytre Hareid og Sulebust. Fjorden endar mellom Vindsneset i nordaust og Hjørungneset ved Hjørungavåg i sørvest.


Sør for Hjørungneset går Vartdalsfjorden sørvestover, medan Storfjorden held fram nordaustover.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva