Wii U
































Wii U

WiiU.svg
Wii U Console and Gamepad.png

Wii U-konsollen med Wii U Gamepad
Produsent Nintendo
Lansering
NA: 18. november 2012
EU: 30. november 2012
JP: 8. desember 2012

Einingar selde 13,56 millionar[1]
Mestseljande spel
Mario Kart 8 (8,26 millionar)[2]
Etterfylgjar Nintendo Switch
Nettstad www.nintendo.com/wiiu

Wii U er ein spelemaskin som er utvikla av Nintendo. Konsollen er etterfylgjaren til Wii og vart avduka under E3-messa den 7. juni 2011. Han vart lansert 18. november 2012 i Nord-Amerika, 30. november 2012 i Europa og 8. desember i Japan. Konsollen var tilgjengeleg i to standard utgåver; ei kvit «Basic»-utgåve med konsoll med 8 GB internminne og ei svart «Premium»-utgåve med 32 GB internminne og spelet Nintendo Land. I tillegg fanst det ei rekkje andre sett der andre spel enn Nintendo Land følgde med premium-varianten av konsollen, til dømes Mario Kart 8 og ZombiU.[3]



Handkontroll |


Inkludert med Wii U-konsollen følgde det med ein handkontroll med skjerm, Wii U Game Pad. Skjermen er på 6,2 tommar. Kontrollen har i tillegg til skjerm også kamera, to høgtalarar, mikrofon, rørslesensor, ristefunksjon, to analoge stikker og ei rekkje knappar. Den ekstra skjermen på kontrollen kan fungere som supplement under speling eller la ein spele uavhengig av TV-skjermen. Som alternativ til Game Pad er det i mange spel mogleg å bruke ein tradisjonell kontroll, Wii U Pro Controller, som vart seld separat.


Wii U er kompatibel med spel og ekstrautstyr utvikla for Wii, inkludert Wii Remote, Nunchuk, Wii Balance Board og Classic Controller.[3]



Kjelder |





  1. «IR Information : Sales Data - Hardware and Software Sales Units». Nintendo Co., Ltd. Henta 3. juli 2017. 


  2. «IR Information: Sales Data». Nintendo Co., Ltd. Henta 3. juli 2017. 


  3. 3,03,1 Wii U - nintendo.no




Bakgrunnsstoff |



  • Introduksjonsvideo av Wii U Eurogamer














Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva