Botanisk hage i Oslo




Koordinatar: 59°55′5.7684″N 10°46′16.604″E




Oldemors hage i Botanisk hage. Bak Waldemar C. Brøgger sitt hus til høgre, Robert Collet sitt til venstre.
Foto: Helge Høifødt



Botanisk hage ligg på Tøyen i Oslo. Den har eit areal på 150 mål, med rundt 45 000 plantar, delt på 7 500 artar frå ulike delar av verda.[1] Da hagen vart skipa i 1814 hadde den 75 mål som låg rundt Tøyen hovudgard.


Botanisk hage er seinare dobla i storleik. Området er delt i tema som systematisk avdeling, nytteveksthage, fjellhage og arboret. Føremålet med hagen er å gje kunnskap om mangfaldet i planteriket og om korleis ein tek vare på dette mangfaldet. Plantar som er truga eller sårbare i norsk natur blir tatt vare på i Botanisk hage. Dei to utstillingsveksthusa Palmehuset og Victoriahuset er ein del av Botanisk hage.




Innhaldsliste






  • 1 Historikk


  • 2 Avdelingane i hagen


  • 3 Musea


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Historikk |


I 1811 blei det avgjort at Noreg - som da var i union med Danmark - skulle få sitt første universitet. Kong Fredrik VI kjøpte Tøyen hovudgard i 1812 som ei aktuell tomt for universitetet, men universitetet vart seinare bygd ved det som i dag er Karl Johans gate. I staden blei Botanisk hage lagt til Tøyen.[1]


Christen Smith blei utnemnd til professor i botanikk og økonomi i 1814 og fekk ansvar for å leie og byggja opp den botaniske hagen.
Han døydde to år seinare. Sjølve verksemda med å byggja hagen blei gjort frå 1815 til 1818 av den tysk-danske gartnaren Johan Siebke. Siebke verka som gartnar i Botanisk hage fram til han døydde i 1857.[2]Hagen blei utforma etter inspirasjon frå engelsk landskapsstil.



Avdelingane i hagen |




Palmehuset som inneheld plantar frå område med tropisk-subtropisk klima, middelhavsklima og ørkenklima. Sjølve huset er frå 1868.[3]
Foto: Daderot




  • Arboretet

  • Dufthagen

  • Fjellhagen

  • Oldemors hage

  • Osloryggen

  • Raud- og svartlistebedet

  • Systematisk hage

  • Urtehagen

  • Palmehuset

  • Victoriahuset



Musea |


I 1863 blei Botanisk museum skipa og i 1913 flytta museet til bygninga på Tøyen. I 1975 blei Botanisk museum
slått saman med Botanisk hage. Hagen og samlingene blei i 1999 ein del av Naturhistorisk museum, saman med Geologisk og Zoologisk museum. Naturhistorisk museum ligg under Universitetet i Oslo.



Kjelder |





  1. 1,01,1 «Om Botanisk hage». Naturhistorisk museum, UiO. Henta 5. mars 2015. 


  2. «Johan Siebke». Norsk biografisk leksikon. Henta 5. mars 2015. 


  3. «Palmehuset». Naturhistorisk museum, UiO. Henta 7. mars 2015. 




Bakgrunnsstoff |


  • Botanisk hage i Oslo








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva