Hypersensitivitet (òg kalla hypersensitivitetsreaksjon eller intoleranse) er ei rekkje uønskte reaksjonar som vert skapa av det normale immunsystemet, og inkluderer allergiar og autoimmunitet. Desse reaksjonane kan vere skadelege, ukomfortable og stundom dødelige. Hypersensitivitetsreaksjonar krev ein pre-sensitivisert (immun) tilstand hjå verten. Dei er klassifiserte i fire grupper etter framlegg frå Philip George Houthem Gell og Robin Coombs i 1963.[1]
Innhaldsliste
1Coomb og Gells klassifikasjon
1.1Type V
2Sjå òg
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Coomb og Gells klassifikasjon |
Samanlikning av hypersensitivitetstypar
Type
Alternative namn
Ofte nemnde sjukdommar
Mediatorar
Skildring
I
Allergi (beinveges)
Atopi
Anafylaksi
Astma
IgE
Kjapp respons som oppstår innan få minutt, i motsetnad til fleire timar eller dagar. Frie antigen krysslenker IgE på mastceller og basofilar, som fører til utslepp av vasoaktive biomolekyl.
Undersøking kan gjerast med hudtestar for spesifikt IgE.[2]
II
Cytotoksisk, antistoffavhengig
Autoimmun hemolytisk anemi
Trombocytopeni
Revmatisk feber
Føtal erytroblastose
Goodpastures syndrom
Membranøs nefropati
Graves' sjukdom (sjå type V for forklaring under)
Myasthenia gravis (sjå type V for forklaring under)
IgM eller IgG
(Komplement)
MAC
Antistoff (IgM eller IgG) bindar seg til antigena på målcella, som i røynda er ei vertscelle som vert tolka for å vere ei framandcelle av immunsystemet. Dette fører til celleøydelegging gjennom membranangrepskomplekset (MAC).
Undersøking inkluderer både direkte og indirekte Coombs test.[3]
III
Immunkomplekssjukdom
Serumsjukdom
Arthus reaksjon
Revmatoid artritt
Poststreptokokk glomerulonefritt
Lupusnefritt
Systemisk lupus erytematosus
Allergisk alveolitt
IgG
(Komplement)
Nøytrofilar
Antistoff (IgG) bindar seg til løyselege antigen og formar eit sirkulerande immunkompleks. Dette vert ofte avsett i åreveggane i ledd og nyrer, noko som set fart i ein lokal, inflammatorisk reaksjon.[4]
T-hjelpeceller (spesifikt Th1-hjelpeceller) vert aktiverte av ei antigenframsynande celle. Når antigenet vert framsyna igjen i framtida, vil Th1-cellene kjenne det att og aktivere makrofagar for å skape ein inflammatorisk respons. Dette kan føre til vevsskade. [6]
V
Autoimmun sjukdom, reseptormediert (sjå under)
Graves' sjukdom
Myasthenia gravis
IgM eller IgG
(Komplement)
Type V |
Dette er ein tilleggstype som stundom (ofte i Storbritannia) vert bruka som eit skille frå type II.[7]
I staden for å binde seg til komponentar i celleoverflata, så vil antistoffa binde til reseptorar i celleoverflata, som anten hindrar den tiltenkte liganden i å binde seg til reseptorar, eller som etterliknar effektane til liganden slik at cellesignaliseringa vert svekka.
Nokre kliniske dømer:
Graves' sjukdom
Myasthenia gravis
Bruken av type V er sjeldan. Desse tilstandane vert oftast klassifisert som type II, sjølv om dei stundom vert segregerte i ein eigen underkategori av type II.
Sjå òg |
intoleranse
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Hypersensitivity» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2015.
↑ 2,02,1Black, CA. Delayed Type Hypersensitivity: Current Theories with an Historic Perspective Dermatol. Online J. (Mai 1999) 5(1):7 at http://dermatology.cdlib.org/DOJvol5num1/reviews/black.html
↑Kumar, Vikay (2010). Robbins and Cotran pathologic basis of disease. (8th ed. utg.). Philadelphia, PA: Saunders/Elsevier. s. 204–205. ISBN 9781416031215. CS1 maint: Extra text (link)
↑Table 5-1 in:Mitchell, Richard Sheppard; Kumar, Vinay; Abbas, Abul K.; Fausto, Nelson (2007). Robbins Basic Pathology. Philadelphia: Saunders. ISBN 1-4160-2973-7. CS1 maint: Multiple names: authors list (link) Åttande utgåve.
↑Le, Tau. First Aid for the USMLE Step 1 2013, p. 203-204
↑Rajan TV (Juli 2003). «The Gell-Coombs classification of hypersensitivity reactions: a re-interpretation». Trends Immunol.24 (7): 376–9.
Bakgrunnsstoff |
Hypersensitivitetsreaksjon — Store norske leksikon
v•d•e
Immunologiske sjukdommar: hypersensitivitet og autoimmune sjukdommar (279.5–6)
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...