Basjkirsk




















































Basjkirsk
(Башҡорт теле)

Klassifisering:

tyrkiske språk
vesttyrkiske språk


Bruk

Tala i:

Basjkortostan, andre stader i Russland, Kasakhstan, Usbekistan

Område:

Basjkortostan

Basjkirsktalande i alt:
1 152 000 (2010)

Rangering:
ikkje blant dei 100 største

Skriftsystem:

kyrillisk
frå 2010 latinsk alfabet
Offisiell status


Offisielt språk i:

Basjkortostan

Språkkodar

ISO 639-1:
ba

ISO 639-2:
bak

ISO 639-3:
bak

Wikipedia på basjkirsk

Basjkirsk er eit språk i den tyrkisk språkfamilien. Det er i svært nær slekt med tatarsk, og det er dei som meiner det er ein tatarsk dialekt. Dei fleste talarane av basjkirsk bur i Basjkortostan og andre stader i Volga-Uralområdet: I Tatarstan, Udmurtia, Mari El, Tsjeljabinsk oblast, Orenburg oblast, Sverdlovsk oblast og Kurgan oblast, og i Perm kraj. Det finst også små basjkirske minoritetar i Kasakhstan (41 847) og Usbekistan (34 771). Ved folketeljinga i 2010 var det 1 152 000 menneske som snakka basjkirsk i Russland.[1] Tilsvarande tal frå 1989 var i Sovjetunionen 1 047 000 basjkirspråklege menneske. I tillegg var det då 26 737 som oppgav basjkirsk som andrespråk, og omtrent 300 000 basjkirar som oppgav tatarsk som førstespråk.




Innhaldsliste






  • 1 Alfabet


  • 2 Fotnotar


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Alfabet |


Basjkirane brukte tatarsk, skrive med det arabiske alfabetet som skriftspråk fram til 1923, då vart det, som resultat av oktoberrevolusjonen, skapt eit baskirsk skriftspråk. Det vart i byrjinga skrive med det arabiske alfabetet, men i 1930 gjekk dei over til det latinske alfabetet, som vart erstatta med det kyrilliske alfabetet i 1938. Det basjkirske alfabetet består av det grunnleggjande kyrilliske alfabetet, med desse ni tilleggsbokstavane: (Ә ә Ө ө Ү ү Ғ ғ Ҡ ҡ Ң ң Ҙ ҙ Ҫ ҫ Һ һ.). Etter at Sovjetunionen fall saman er det utvikla eit nytt latinsk alfabet for basjkirsk, og Basjkortostan vedtok i 2002 at dette nye alfabetet skulle erstatte det kyrilliske i 2010.



Fotnotar |





  1. «Vserossijskaja perepis naselenija 2010» - Folketeljinga i Russland 2010




Kjelder |


  • Finsk wikipedia


Bakgrunnsstoff |


  • Det basjkirske alfabetet





























Spire Denne språkartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?