Vegard, òg skrive Vegar, er eit mannsnamn avleidd av norrønt Végardr. Det er sett saman av ve-, som tyder heim eller heilag stad, og -gard, som tyder gjerde eller vern. Andre skrivemåtar for namnet er Wegard og Vigar.
Vegard har namnedag den 31. mars.
Innhaldsliste
1Bruk
2Kjende namneberarar
3Kjelder
4Bakgrunnsstoff
Bruk |
Vegard er eit vanleg namn i Noreg, men er lite brukt ellers i verda. Vegard var blant dei mest brukte gutenamna for barn fødde på 1980- og 1990-talet, deretter har bruken gått mykje ned. I 2009 var det 7 692 norske menn som heitte Vegard og 1 475 som heitte Vegar.
Fotballspelaren Vegard Sannes.
Foto: Lars Røed Hansen
Kjende namneberarar |
Vegard Sletten (1907-1984), norsk redaktør og forfattar
Vegard Vigerust (f. 1925), norsk forfattar
Vegard Ulvang (f. 1963), norsk skilaupar
Vegard Opaas (f. 1962), norsk skihoppar
Wegard Harsvik (f. 1967), norsk politikar
Vegard Heggem (f. 1975), norsk fotballspelar
Vegard Sannes (f. 1976), norsk fotballspelar
Vegard Austli Kjøsnes (f. 1981), norsk musikar
Vegard Skjerve (f. 1988), norsk fotballspelar
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Vegard» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2009.
Søk etter norsk namnestatistikk for Vegard hjå Statistisk Sentralbyrå
Bakgrunnsstoff |
Søk etter norsk namnestatistikk for Vegard hjå Statistisk Sentralbyrå
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...