Kensington Gardens






Luftfoto av Kensington Gardens og Hyde Park.


Kensington Gardens er ein av dei kongelege parkane i London. Han ligg i Kensington, like vest for Hyde Park. Det meste av parken ligg i City of Westminster, men ein liten seksjon i vest ligg i bydelen Kensington and Chelsea. Parken dekkjer eit område på 1,1 km².


Den blir iblant oppfatta som ein del av Hyde Park, men ringvegen West Carriage Drive utgjer ei klar grense mellom dei to.


Kensington Gardens dannar saman med Hyde Park, Green Park og St. James's Park ei nærmast samanhengande «grøn lunge» i hjartet av London mellom Notting Hill og Westminster.


Blant kjennemerka i parken er Albert Memorial (eit minnesmerke over ektemannen til dronning Victoria), Kensington Palace, ei bronsestatue av Peter Pan og kunstmuseet Serpentine Gallery.




Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Kensington Gardens» frå Wikipedia på bokmål, den 28. mai 2008.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad







Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal