Distriktet Hallein
Distriktet Hallein er eit administrativt distrikt (Bezirk) i forbundslandet Salzburg som samsvarar med landskapet Tennengau. Distriktet dekker ei flatevidd på 669 km² og har om lag 59 800 ibuarar (2017). Byen Hallein er administrasjonssenter for distriktet.
Kommuneskipnaden |
Distriktet består av 13 kommunar, ein av dei ein bykommune. Bykommunen Hallein har over 18 000 ibuarar, medan dei andre kommunane har folketal frå kring 800 til 6 000.
Kommunar |
- Abtenau
- Adnet
- Annaberg-Lungötz
- Bad Vigaun
- Golling an der Salzach
- Hallein
- Krispl
- Kuchl
- Oberalm
- Puch bei Hallein
- Rußbach am Paß Gschütt
- Sankt Koloman
- Scheffau am Tennengebirge
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Bezirk Hallein» frå Wikipedia på tysk, den 27. august 2017.