Skihytta i Tromsø




På Rismålshaugen i Tromsø ligg Skihytta, som har vore ein viktig samlingsstad og utkikkspunkt for turgåarar. Hytta har i fleire år vore utan bruk og under sterkt forfall.



Historie |


I 1897 ble Tromsø skiklubb stifta. Formålet med klubben var å få medlemmene til å kome seg meir ut i naturen på ski. Klubben ynskte å setje opp eit sportshotell på Tromsøya, men prosjektet stoppa opp. Dette var byrjinga på planen om ei skihytte på Tromsøya. I 1911 tok ingeniør Carl Lian i ein avisartikkel til orde for ei offentleg skihytte, noko formann i skiklubben, Karl Moen gav si varmaste støtte til. I 1912 ble det halde eit karneval i regi av Tromsø skiklubb til inntekt for bygging av ei skihytte. I 1913 kunne dei melde at ei tomt på 40 mål blei kjøpt på Rismålshaugen, og at teikningar var under utarbeiding. Styret av Tromsø skiklubb oppfordra folk til å gi bidrag, og i løpet av hausten og vinteren 1913 – 1914 ble den nye skihytta reist.


Hytta vart teikna av ingeniør Walderhaug og tømra av Peter Tessem og hans folk. Den blei offisielt opna for folket 5. april 1914, og folket hadde nå fått eit nytt mål for skiturane, og ein hyggjeleg tilhaldsstad både sommar og vinter. Historisk sett har hytta vore eit ynda mål for utfart og eit viktig samlingspunkt for turfolk og skiløparar. I storstua var det varme i peisen, humør, kaffi og trekkspel. Medlemmene av Tromsø skiklubb kom gratis inn, mens dei andre måtte betale 25 øre.


Under kulturminneåret 1997 og den landsomfattande kulturminnestafetten ble skihytta offisielt eit kulturminne. I dag er hytta restaurert og er igjen blitt ein bynær utfartsstad. Skihytta er eigd av Tromsø kommune, men Torbjørn Grimstad har satt den i stand og driftar den i dag.



Kjelder |


Skihytta på Rismålshaugen







Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal