Olav
Olav er eit personnamn, eit mannsnamn. Den norrøne namneforma var Ólafr eller Óláfr, av urnordisk *anu-laiƀaR, samansett av anu- ‘ane, forfader’ og -laiƀaR , 'etterkomar, arving' (Stemshaug 1982). Andre former av namnet er Olaf, Olof, Oluf, Olaus. Namnet til Olav den heilage, har òg fleire norske kongar hatt som namn.
Namneformene er relativt standardisert etter språk. På norsk vert Olav og Ola nytta. Svensk nyttar oftast Olaf eller Olof.
På latin vert Olav/Olaf vanlegvis til Olaus (med eller utan tødlar over «u»). Døme på dette er Olaf Petersson (ein tilhengjar av Martin Luther), som på latin er kjend som Olaus Petri. Olaus Petri var ein av dei fremste preikarane i Sverige i tida kring reformasjonen.
Innhaldsliste
1 Namneberarar
1.1 Kongelege
1.2 Andre
2 Litteratur
3 Bakgrunnsstoff
Namneberarar |
Kongelege |
Kongar av Noreg
Olav I Trygvason eller Tryggvason, konge 969–1000
Olav II Haraldsson den heilage, konge 1015–1028
Olav III, Haraldsson Kyrre, konge 1067–1093
Olav Magnusson, 1103–1110
Olav IV Håkonsson, konge 1370–1387
Olav V, konge 1957–1991
Kongar av Sverige
Olof Skötkonung (980–1022), svensk konge frå 995
Andre |
Olaf Rye (1791-1849), dansk-norsk krigshelt
Olav Duun (1876–1939), norsk forfattar
Olav Aukrust (1883-1929), norsk lyrikar
Olaf Bull (1883–1933), norsk forfattar
Olav Nygard (1884-1924), norsk lyrikar
Olav Gullvåg (1885-1961), norsk forfattar
Olav Dalgard (1898-1989), norsk forfattar
Olav Kaste (1902-1991), norsk forfattar
Olav H. Hauge (1908–1994), norsk forfattar
Olof Lagercrantz (1911–2002), svensk forfattar
Olof Palme (1927–1986), svensk politikar
Olav Hestenes (1930–1996), norsk jurist
Olav Vesaas (f. 1935), norsk forfattar
Olav Veka (f. 1942), norsk namnegranskar
Olav Bratland (f. 1944), norsk politikar (H)
Olav Stedje (f. 1953), norsk musikar
Olav Gunnar Ballo (f. 1956), norsk politikar (SV)
Olav Akselsen (f. 1965), norsk politikar (Ap)
Olaf Henning Thommessen (f. 1966), norsk politikar
Olav Luksengård Mjelva (f. 1983), norsk folkemusikar
Litteratur |
- Stemshaug, Ola (red.) 1982: Norsk personnamnleksikon. Oslo: Det Norske Samlaget.
Bakgrunnsstoff |
- Søk etter norsk namnestatistikk for Olav hjå Statistisk Sentralbyrå