Hampstead Heath






Sørvestenden av the Heath




Kenwood House i Hampstead Heath.


Koordinatar: 51°33′47″N 0°10′6″W
Hampstead Heath (lokalt berre kalla «the Heath») er ein stor, gammal park nord i London i England. Han har eit areal på 3,2 km² og inneheld 25 små dammar, og dessutan gammalt skoglandskap, sump, hekkar og grasmark. Delar av parken har status som verneområde med spesiell vitskapleg tyding.


Parken er eigd av Corporation of London, som òg forvaltar det meste av parken. Kenwood-området (0,5 km²) forvaltast av English Heritage. Det meste av parken (2,8 km²) ligg i bydelen Camden. Dei attverande 0,4 km² blir kalla Hampstead Heath Extension og ligg i bydelen Barnet.


Blant stasjonar nær parken er Gospel Oak og Hampstead Heath på North London-linja i sør, Hampstead og Golders Green på Northern-linja i vest, og Highgate og Archway på Northern-linja i nord. Ved den sørlege spissen av parken ligg Lido utandørsbasseng, og nordover nær Highgate er to dammar der symjing er tillate. Andre dammar blir brukt ulikt til fisking, modellbåtar og for dyreliv. Delar av området er kjent som sjekkestad for homoseksuelle menn ved nattetid.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Hampstead Heath» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2011.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hampstead Heath


  • Offisiell side








Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Tårekanal