Halley-stasjonen
Halley-stasjonen | |
stasjon | |
Halley 5, vinteren 1999 | |
Land | Antarktis |
---|---|
Stad | Bruntisen |
- koordinatar | |
Administrert under | Antarktistraktaten |
Halley-stasjonen (Antarktis) | |
Wikimedia Commons: Halley Station | |
Halley-stasjonen er ein stasjon driven av British Antarctic Survey på Bruntisen som flyt på Weddellhavet i Antarktis. Stasjonen vert nytta til å studere jordatmosfæren. Målingar frå Halley førte til at ozonholet vart oppdaga i 1985.[1]
Innhaldsliste
1 Historie
2 Bygningen
3 Miljø
4 Skildring
5 Kjelder
6 Bakgrunnsstoff
Historie |
Halley vart opna i 1956, for Det internasjonale geofysiske året i 1957-58, av ein ekspedisjonen frå Royal Society. Bukta der ekspedisjonen valte å setje opp basen vart namngjeven Halley Bay, etter astronomen Edmond Halley. Namnet vart endra til Halley i 1977 sidan den opphavlege bukta hadde forsvunne etter endringa i isbremmen.
Bygningen |
Det har vore fem Halley-basar så langt. Dei første fire vart alle gravlagd i snøen som samla seg opp og knust av isen, slik at dei ikkje lenger vart mogeleg å nytte. Forskjellige konstruksjonsmetodar er prøvd ut, frå uverna trehytter til ståltunnelar. Halley V har hovudbygningane bygde på stålplattformer som vert heva kvart år over overflata.
Ein arkitektkonkurranse vart utlyst av RIBA Competitions og British Antarctic Survey i juni 2004 for eit nytt design for Halley VI. Mange deltok og i juli 2005 vart vinnaren kåra, Faber Maunsell and Hugh Broughton Architects. Strukturen er heva opp på stålbein for å hindre snøoppsamling, men i motsetnad til Halley V har beina ski, som gjer at ein kan flytte bygningane på snøen.
Halley VI vart bygd i Cape Town i Sør-Afrika av eit sørafrikanske konsortium.[2][3] Dei første seksjonane vart frakta til Antarktis i desember 2007 og han stod ferdig i desember 2011.
På grunn av ein stor sprekk i isen som truge med å avskjera stasjonen frå hovudisen avgjorde British Antarctic Survey at dei skulle flytta Halley VI til ein ny stad sommaren 2016-2017.[4]
Basen blei flytta 23 km lengre inn frå sprekka.[5]
Ein ny sprekk oppdaga 31. oktober 2016 førte til vidare uro, og BAS annonserte at dei ville evakuera staben sin frå staden i mars 2017 og halda dei unna gjennom den antarktiske vinteren.[6]
Miljø |
Temperaturane stig sjeldan over 0 °C på Halley, og temperaturar kring -10 °C er vanlege på solrike sommardagar. Om vinteren er temperaturen typisk under -20 °C men stundom ned til kring -55 °C.[1]
Vinden bles hovudsakleg frå aust og kraftig vind fører ofte til snøfokk som reduserer sikta til nokre få meter.
Skildring |
Om vinteren held vanlegvis 15 personar til på basen. Gruppa er vanlegvis isolert frå omverda frå slutten av februar til dei første flya når fram tidleg i november. Om sommaren, frå seint i desember til seint i februar, er det opp til 70 personar på basen.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på «Halley Research Station» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mars 2014.
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
↑ 1,01,1 «Halley Station». British Antarctic Survey. Henta 25. februar 2014.
↑ Petrel Engineering http://www.petrel.co.za/content.asp?PageID=1038&buster=2011%2F01%2F07+03%3A39%3A24+PM Henta 16. mars 2014
↑ BAS Web site http://www.antarctic.ac.uk/living_and_working/research_stations/halley/halleyvi/ Henta 16. mars 2014
↑ «Halley Research Station relocation». British Antarctic Survey. Henta August 5, 2016.
↑ «UK completes Antarctic Halley base relocation». BBC News. 3 February 2017.
↑ «Ice crack to put UK Antarctic base in shut-down». BBC. 16 January 2017. Henta 16 January 2017.
Bakgrunnsstoff |
http://www.antarctic.ac.uk/ British Antarctic Survey]- BAS om Halley-stasjonen
- COMNAP
Forskingsstasjonar i Antarktis | |||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||||||||||||||
| |||||||||||||||||||
|
|