Julius Plücker
Julius Plücker | |
Julius Plücker | |
Fødd | 16. juni 1801(1801-06-16) Elberfeld, Hertugdømet Berg |
---|---|
Død | 22. mai 1868 (66 år) Bonn i Tyskland |
Nasjonalitet | Tysk |
Yrke | Matematikar |
Institusjonar | Universitetet i Bonn Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg |
Alma mater | Universitetet i Bonn |
Doktorgradsrettleiar | Christian Ludwig Gerling |
Kjend for | Plücker-formelen |
Medlem | Royal Society Det bayerske vitskapsakademiet |
Julius Plücker (16. juni 1801–22. mai 1868) var ein tysk matematikar og fysikar.
Han var professor i Halle 1834 og frå 1836 i Bonn. Arbeida til Plücker har hatt stor innverknad på utviklinga til analytisk geometri. Han skapte teorien for pol og polare og brennpunkter for vilkårlege algebraiske kurver og innførte homogene koordinatar og trekantkoordinatar. Formalen til Plücker gjev samanhengen mellom mengda singulære punkt av forskjellige typar som ei algebraisk kurve kan ha. Innan fysikken arbeidde han særleg med spektralteori og krystalloptikk, og han skreiv ei større avhandling om korleis eit magnetfelt påverka elektriske utladingar i fortynna gassar. Dei samla avhandlingane hans med biografi kom ut i 1895.
Sjå òg |
- Plücker-konoiden
- Plücker-koordinatar
- Plücker-innkapsling
- Plücker-formelen
- Plücker-flate
Kjelder |
«Julius Plücker» i Store norske leksikon, snl.no.
|