Kårde
Ein kårde frå fyrste halvdel av 1700-talet.
Ein kårde er eit stikkvåpen med ei lang, rett og trekanta stålklinge. Kården er det mest brukte konkurransevåpenet i fekting. Den moderne kården har opphav i duellsverda som vart brukte på 1800-talet.
Kårdefekting har for menn vore ei øving i OL frå 1896, og for kvinner frå 1996. Det har vore arrangert noregsmeisterskap sidan 1913, og for kvinner sidan 1986.
Kjelder |
- «Kårde» av Rolf Bryhn på SNL.no, innhenta 30. desember 2009.
Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.