«Pourquoi-Pas?»
«Pourquoi-Pas?», skipet som tente Charcot på den siste ekspedisjonen hans i Antarktis. Skisse ved Museum d'Histoire Naturelle | |
Karriere (Frankrike) | |
---|---|
Verft: | François Gautier i Saint Malo |
Kjølhalt: | 1907 |
Sjøsett: | 1908 |
Lagnad: | Forliste den 16. september 1936 |
Generelle mål | |
Deplasement: | 445 tonn |
Lengd: | 40 m |
Breidd: | 9,2 m |
Draft: | 4,3 m |
Framdrift: | Segl motor på 450 hk |
Fart: | 7,5 knop |
Kapasitet: | 5 vitskapsfolk |
Mannskap: | 35 men |
«Pouquoi-Pas?» IV (Kvifor ikkje?) var ein tremasta bark som vart bygd til den franske legen og utforskaren Jean-Baptiste Charcot og Den andre franske antarktisekspedisjonen hans i 1908–1910. Seinare vart skipa nytta på ei rekkje vitskaplege ekspedisjonar, hovudsakleg i arktiske strøk. Charcot omkom då skipet forliste den 16. september 1936 på veg frå Reykjavik til St. Malo.
Historie |
Etter å ha gjennomført ein ekspedisjon til Antarktis 1903–1905, byrja Charcot i 1907 å planleggje ein ny ekspedisjon. Ekspedisjonsskipet vart bygt i St. Malo av François Gautier og vart utstyrt med blant anna hjelpemotor, tre laboratorium og bibliotek. Frå 1908 til 1910 gjennomførte Charcot ein ekspedisjon til vestsida av Antarktishalvøya med overvintring på Petermann Island. Skipet vendte attende til Frankrike i 1910 lasta med vitskaplege prøvar. Ekspedisjonen hadde fullført kartlegging av Aleksanderøya og gjort fleire geografiske oppdaginga.[1]
I 1912 vart «Pourquoi-Pas?» det første skuleskipet til den franske marinen. Frå 1918 til 1925 gjennomførte Charcot ei rekkje vitskaplege reiser til Nordatlanteren, Den engelske kanalen, Middelhavet og Færøyane, hovudsakleg for å studere petrologi og geologi i havdjupet ved hjelp av tråling.
Frå 1925 og utover fortsette Charcot å leie ekspedisjonar med «Pourquoi Pas?» i arktiske strøk, men han hadde ikkje lenger kommandoen over skipet. I 1926 utforska han austkysten av Grønland og førte tilbake mange fossil og prøver av insekt og flora.
I 1928 sette «Pourquoi-Pas?» ut for å leite etter det franske sjøflyet «Latham 47» med Roald Amundsen om bord, som sjølv var på leting etter italienaren Umberto Nobile som ingen hadde høyrt frå under forsøket på å krysse Nordpolen i luftskipet «Italia».
I 1934 utstyrde Charcot «Pourquoi-Pas?» for ein etnografisk studie på Grønland, leia av Paul-Émile Victor som var eit år i Angmagssalik saman med inuittfolket. Året etter vende Charcot tilbake med skipet for å oppsøkja Victor og følgjet hans, og byrja å kartleggje regionen. Den 16. september same år slapp skipet så vidt unna eit kraftig lågtrykk som herja kysten av Island.
Den 13. september 1936 kom «Pourquoi-Pas?» fram til Reykjavik for å bunkre etter å ha levert vitskapleg utstyr til Victors ekspedisjon. Skipet gjekk vidare mot St. Malo to dagar seinare, med den 16. september kom skipet ut for ein storm og gjekk på eit rev utanfor Mýrar ved Álftanes på vestkysten av Island. 23 menn gjekk ned med skipet, og ytterlegare 17 omkom før hjelpa nådde fram. Den einaste som overlevde var rormannen Eugène Gonidec. Den 69 år gamle Charcot var blant dei omkomne.
Pourquoi Pas Point og Pourquoi Pas Island vart seinare kalla opp etter skipet.
Kjelder |
Denne artikkelen bygger på ««Pourquoi-Pas?»» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2012.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
↑ Robert K. Headland (2009). A Chronology of Antarctic exploration. London: Quaritch. s. 250. ISBN 978-0-9550852-8-4.
Bakgrunnsstoff |
(fr) Le Pourquoi-Pas? Gabiers de la Chimère
(fr) Le Pourquoi Pas? en Antartique Pourquoi Pas L'Antartique
(fr) Rapport sur les circonstances du naufrage du "Pourquoi-pas?" Rapport om forliset av Eugène Gonidec, den eneste overlevende
Den heroiske tidsalderen for antarktisutforsking | |
---|---|
Ekspedisjonar | Belgica-ekspedisjonen 1897–99 · Southern Cross-ekspedisjonen 1898–1900 · Discovery-ekspedisjonen 1901–04 · Gauss-ekspedisjonen 1901–03 · Den svenske antarktisekspedisjonen 1901–03 · Scotia-ekspedisjonen 1902–04 · Den første Charcotekspedisjonen 1903–05 · Nimrod-ekspedisjonen 1907–09 · Den andre Charcotekspedisjonen 1908–10 · Den japanske antarktisekspedisjonen 1910–12 · Fram-ekspedisjonen 1910–12 · Terra Nova-ekspedisjonen 1910–13 · Den andre tyske antarktisekspedisjonen 1911–13 · Den australasiatiske antarktisekspedisjonen 1911–14 · Endurance-ekspedisjonen 1914–17 · Shackleton–Rowett-ekspedisjonen 1921–22 |
Folk | Roald Amundsen · Carsten Borchgrevink · William Bruce · Jean-Baptiste Charcot · Erich von Drygalski · Wilhelm Filchner · Adrien de Gerlache · Douglas Mawson · Otto Nordenskjöld · Robert Falcon Scott · Ernest Shackleton · Nobu Shirase |
Fartøy | «Antarctic» · «Aurora» · «Belgica» · «Deutschland» · «Discovery» · «Endurance» · «Fram» · «Français» · «Gauss» · «Kainan Maru» · «Morning» · «Nimrod» · «Pourquoi-Pas?» · «Quest» · «Scotia» · «Southern Cross» |
Stader | Elefantøya · Hope Bay · Hut Point · Hvalbukta · Inexpressible Island · Kapp Adare · Kapp Crozier · Kapp Denison · Kapp Evans · Kapp Royds · Laurie Island · Paulet Island · Petermann Island · Port Charcot · Seymour Island · Snow Hill Island · Sørpolen · Vahselbukta |
Sjå òg: Liste over antarktisekspedisjonar · Historiske stader og kulturminne i Antarktis |