Anna Akhmatova





































Anna Akhmatova

Kuzma Petrov-Vodkin. Portrait of Anna Akhmatova. 1922.jpg

Fødd 23. juni 1889
Odessa
Død

5. mars 1966
Domodedovo


Yrke
skribent, omsetjar, litteraturkritikar, lyrikar, forfattar, litteraturvitar
Språk
russisk
Far
Q4144084
Ektefelle
Nikolaj Gumiljov, Vladimir Sjilejko, Nikolay Punin
Born
Lev Gumiljov

Anna Akhmatova på Commons




Kusma Petrov-Vodkin:Portrett av Anna Akhmatova, 1922


Anna Akhmatova (23. juni 1889–5. mars 1966) var psevdonym for Anna Andrejevna Gorenko, ein russisk forfattar, som vart kjend for sin melankolske og politiske lyrikk i åra før oktoberrevolusjonen.




Innhaldsliste






  • 1 I unge år


  • 2 Revolusjon og stalinisme


  • 3 Seinare år


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





I unge år |


Anna Gorenko var fødd i Odessa i dagens Ukraina. Barndoms- og ungdomsåra vart prega av foreldras skilsmål i 1905, og av faren sin motstand mot den poetiske verksemda til dottera. Då ho byrja gje ut dikt tok ho oldemoras tatariske etternamn Akhmatova, for ikkje å krenke familienamnet.


Akhmatova byrja studere på universitetet i Kiev, men flytta til St. Petersburg for å studere litteratur. Her vart ho mellom andre undervist av poeten, dramatikaren og essayisten Innokentij Annenskij, og vart mykje inspirert. Då Akhmatova var 21 år gammal vart ho medlem av akmeistane, ei av Russlands leiande litteraturgrupper. «Det vakre, klare» i poesien skulle dyrkast i samklang med det enkle, hevda medlemene. Gruppas leiar, poeten og litteraturkritikaren Nikolaj Gumiljov gifta seg i april 1910 med Akhmatova. Kort etter bryllaupet la han ut på reise til Afrika og løvejakt.


Under Gumiljovs fråvere skreiv Akhmatova mange av dei dikta som seinare vart trykt i diktsamlinga Aften. Samlinga vart utgjeven i 1912, same året som sonen Lev kom til verda, og viste forfatterens enkle men detaljerte stil. Dikta synleggjorde hennar poetiske genialitet og gav henne kultstatus i den russiske intelligentsiaen. I 1914 kom Rosenkransen ut, eit verk som skildra intimsfæren mellom mann og kvinne, og som på mange måtar bidrog til auka interesse mellom kvinner for poesi.


Det sterke bandet mellom mann og kvinne fanst ikkje i Akhmatovas privatliv. I 1919 skilde ho seg frå Gumiljov, som i mellomtida hadde meld seg til krigsteneste under tsaren sine faner. I staden gifta Akhmatova seg med Vladimir Sjileiko. Heller ikkje dette ekteskapet varte lenge. Paret vart separert i 1920 og skild i 1928.



Revolusjon og stalinisme |


I 1921 vart Nikolai Gumiljov avretta av bolsjevikane for antirevolusjonære aktivitetar. Trass i at ho var skild frå han, såg Akhmatova seg tvungen til litterær togn etter utgjevinga av Anno Domini MCMXXI i 1922. Togna kan også delvis forklarast med hennar nye ektemann, Nikolai Punin, som seinare døydde i Stalin sine gulagleirar.


Akhmatovas verk vart ofte nemnde i 1920-talets litterære disputtar, men ho var underlagt eit uoffisielt publiseringsforbod frå 1925 til 1940. Aktiviteten hennar gjekk av den grunn meir i retning litteraturkritikk og omsetjingsarbeid. Mange av Akhmatova sine forfattar- og kunstnarvener forlét Sovjetunionen i tida 1921–1953, av frykt for fengsling eller død.


Mot slutten av 1930-åra byrja Akhmatova å skrive diktet Requiem, eitt av hennar mest kjende verk. Diktet er vigd minnet om alle som vart offer for Stalins terror, men vart utgjeve fyrst etter Akhmatova var død. Under 2. verdskrigen var Akhmatova evakuert frå St. Petersburg. Ho returnerte til byen i 1944.


Akhmatova måtte atter bøye seg for den politiske overmakta i 1946, då det ryktast at Isiah Berlin hadde besøkt Akhmatova. Sekretæren i sentralkmmitéen, Andrej Zjdanov, fekk Akhmatova ekskludert frå forfattarunionen.



Seinare år |


Akhmatovas forfattarskap heldt fram i det skjulte i mange år. Statusen hannar vart delvis oppreist etter Stalins død i 1953. I 1958 byrja ho på nytt å publisere sine litterære arbeid, men stendig sterkt sensurert.


I 1965 fekk ho løyve til å reise utanlands, i det ho var tildelt Etna-Taormina-prisen og eit æresdoktorat ved universitetet i Oxford. To år før ho døydde vart Akhmatova vald til formann i forfattarunionen.


Anna Akhmatova døydde i St. Petersburg og ligg gravlagd på kyrkjegarden Komarovo.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Anna Akhmatova» frå Wikipedia på dansk, den 14. april 2010.



Bakgrunnsstoff |



  • Verk av og om Anna Akhmatova i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva