Azaz




Koordinatar: 36°35′10″N 37°2′41″E










































Azaz

أعزاز
by

Mosque in A'zaz.jpg

Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Aleppo guvernement

Distrikt

A'zaz-distriktet

Nahiyah

Azaz

Koordinatar

36°35′10″N 37°2′41″E

Folketal
31 623 (2004)


Tidssone

EET (UTC+2)




Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Azaz


Azaz (arabisk أعزاز, A‘zāz, kurdisk Ezaz) er ein liten by i Syria, kring 30 km nord-nordvest for Aleppo. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Azaz eit folketal på 31 623 i 2004.[1] Han er kjend for plasseringa nær ein syrisk–tyrkisk grenseovergang og er historisk viktig som åstad for slaget ved Azaz mellom Krossfararstatane og seldsjukk-tyrkarar den 11. juni 1125.



Historie |


Azaz var åstad for eit audmjukande nederlag for den bysantinske keisaren Romanos III i august 1030, men han vart kort tid etter erobra av bysantinarane under Niketas av Mistheia.


Den 11. juni 1125 (eller 13. juni),[2] slo styrkane til Krossfararstatane kommandert av Baldwin II av Jerusalem Aq-Sunqur il-Bursuqi sin arme av seldsjukk-tyrkarar i Azaz og stoppa ei kringsetjing av byen.


Joscelin I av Edessa hadde erobra byen frå atabegen av Aleppo i 1118. Året etter vart krossfararane under Roger av Salerno brutalt slått i slaget ved Ager Sanguinis, og kong Baldwin II av Jerusalem vart erobra då han patruljerte i Edessa i 1123.


I 1124 vart Baldwin II sleppt fri, og han la like etter ei kringsetjing kring Aleppo den 8. oktober. Dette fanga merksemda til il-Bursuqi, den seldsjukkiske atabegen av Mosul. Il-Bursuqi marsjerte sørover for å stoppe kringsetjinga av Aleppo, som var nær ved å overgje seg i januar 1125, etter ei tre månader lang kringsetjing. Trass i at byen var «den største prisen krigen kunne gje»,[3] trekte Baldwin seg forsiktig ut utan kamp.


Seinare kringsette il-Bursuqi byen Azaz, nord for Aleppo, i området som høyrte til Grevskapet Edessa. Baldwin II, Joscelin I, og Pons av Tripoli, med ein styrke på 1100 riddarar frå sine respektive territorium (mellom anna riddarar frå Antiokia, der Baldwin var regent), i tillegg til 2000 andre fotsoldatar, møtte il-Bursuqi utanfor Azaz, der seldsjukk-atabegen hadde samla ein mykje større styrke. Baldwin let som om han skulle trekkje seg attende, og fekk seldsjukkane bort frå Azaz og ut i ope lende der dei vart kringsett. Etter eit langt og blodig slag, vart seldsjukkane slått og leiren deira erobra av Baldwin, som fekk nok hærfangst til å kunne betale ut fangane som vart tekne av seldsjukkane (mellom anna den framtidige Joscelin II av Edessa).


I tillegg til å frigjere Azaz, gjorde sigeren at krossfararane fekk attende mykje av makta dei hadde tapt med nederlaget ved Ager Sanguinis i 1119. Baldwin planla eit åtak på Aleppo i tillegg, men Antiokia, som gjekk til Bohemund II då han vart gammal nok i 1126, byrja å sloss med Edessa og planen gjekk i vasken. Aleppo og Mosul vart samla under den mykje sterkare herskaren Imad ad-Din Zengi i 1128, og makta til krossfararane nord i Syria byrja å svekkjast.


Den 19. juli 2012, under den syriske borgarkrigen, klarte opprørar mot den syriske regjeringa å erobre byen.[4] Den 15. august vart minst 80 menneske drepne i A'zaz, mellom anna væpna militante, etter eit flyåtak frå det syriske luftforsvaret i følgje aktivistar i oppisjsjonen og lokale legar.[5]



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Azaz» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


  • Smail, R. C. Crusading Warfare 1097-1193. New York: Barnes & Noble Books, (1956) 1995. ISBN 1-56619-769-4





  1. Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. Arkivert på [1]. (arabisk)


  2. Smail, s. 182


  3. Smail, s. 30


  4. «syrisk TV shows images of Assad as battles rage on for control of Damascus", Al-Arabiya News


  5. [2]








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva