Marina Tsvetajeva

























Marina Tsvetajeva

Marina Tsvetaeva.jpg

Verkeleg namn Russisk skrift Мари́на Ива́новна Цвета́ева
Fødd
8. oktober 1892
Moskva
Død

31. august 1941
Jelabuga


Yrke
lyrikar, skribent, dagbokskriver, prosa, omsetjar, forfattar

Marina Tsvetajeva på Commons

Marina Ivanovna Tsvetajeva (9. oktober 1892–31. august 1941), var ein russisk poet og forfattar som var knytt til dei litterære symbolist- og akmeismerørslene.



Liv og gjerning |


Tsvetajeva var dotter til ein historieprofessor og ei mor som hadde lese mykje. Då mora fekk tuberkulose flytta familien år 1902 til Sveits, der mora døydde i 1906. Tsvetajeva lærde seg fransk og tysk og studerte i 1908 litteraturhistorie ved Sorbonne i Paris. Hennar fyrste diktsamling, Kveldsalbum, vart publisert i 1910.


Under vitjingar ved Svartehavet trefte ho kadetten Sergej Efron. Dei to gifta seg i 1912 og fekk to døtrer. Familien budde på Krim fram til den russiske revolusjonen i 1917. Efron vart då stasjonert i Moskva. Etter revolusjonen slutta han seg til kvitegardistane. Dei neste fem åra budde Tsvetajeva i Moskva. Tilhøva var vanskelege, med svolt og sjukdom, og eine dottera døydde.


I 1922 klarte familien å forlate Sovjetunionen. Dei budde fyrst i Berlin, sidan i Praha og frå 1925 til -39 i Paris. Åra frå 1923 til 1932 fekk Tsvetajeva gitt ut tre diktsamlingar. Etter ho skreiv eit rosande brev til den kommunistiske poeten Vladimir Majakovskij, vart ho frosen ut av dei russiske emigrantane og arbeida hennar vart ikkje lenger prenta i emigrantavisa Siste Nyhende. Ektemannen og dottera Alja vart med åra positive til den sovjetiske kommunismen, noko som førte til at Efron byrja spionere for NKVD. År 1937 vende dottera tilbake til Russland, seinare same året også Efron. Han hadde då flykta frå det franske politiet, som ettersøkte han for mord på ein russisk avhoppar.


I Russland vart både Efron og Alja skulda for spionasje, Efron vart skoten i 1941 og Alja dømd til åtte års fengsel. Tsvetajeva evakuerte omtrent samstundes til Jelabuga i Tatarstan, der ho same året hengde seg. Dottera Alja slapp fri fyrst då Stalin døydde.


Stalinregimet aksepterte ikkje Tsvetajevas eksentriske, inn i mellom seksuelt ladda verk. Fyrst ut på 1960-talet vart forfattarskapen hennar teken fram att i Sovjetunionen.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Marina Tsvetajeva» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2011.



Bakgrunnsstoff |






Wikisource

Originaltekst av Marina Tsvetajeva ved Wikisource (ru).



Om Tsvetajeva på norsk

  • Bjørg Vindsetmo: Nærmest hjertet. 2001




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva