Bjarne Mørk-Eidem
Bjarne Mørk-Eidem | |
Fødd | 4. oktober 1936 |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
Bjarne Andreas Mørk-Eidem (fødd 4. oktober 1936) er ein norsk politikar frå Vega i Nordland, som representerte Nordland og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1969 til 1993. Han var fiskeriminister i Brundtland II-regjeringa; 1986-89. Frå 1990 til 2005 var han riksrevisor og dermed leiar av Riksrevisjonen.
Liv og gjerning |
Mørk-Eidem gjekk skulevinteren 1952/53 Vefsn folkehøgskule, dei neste to åra var han elev ved Leknes stats-realskule. Han var lærar i Rana 1955-56 og 1958, før han åra 1958-62 gjekk Nesna lærarskule. Deretter underviste han ved den todelte Vika skule i Vega i tre år. Skuleåret 1965/66 studerte han samfunnsfag ved Volda lærarskule og 1966/67 norsk grunnfag ved Noregs lærarhøgskole i Trondheim. Han var så lærar ved Gladstad barne- og ungdomsskule i Vega til han hausten 1969 vart vald inn på Stortinget.
Frå 1963 til 1971 var Mørk-Eidem kommunestyremedlem i Vega. Ved stortingsvalet 1969 fekk Arbeidarpartiet i Nordland seks representantar inn på Stortinget, Mørk-Eidem var femtemann på vallista. Han hamna i Finanskomiteen og vart der verande til 1985, som sekretær i komiteen frå 1973. Etter stortingsvalet hausten 1985 vart han nestleiar i Sjøfarts-og fiskerikomiteen. Då Willoch-regjeringa gjekk av 9. mai 1986 tok Mørk-Eidem over leiinga av Fiskeridepartementet. I heile verketida til den andre Brundtland-regjeringa styrte han departementet. Den 10. oktober 1989 måtte Arbeidarparti-regjeringa vike plass for Syse-regjeringa, og Mørk-Eidem var den komande 1989/90-sesjonen medlem i Landbrukskomiteen. Dei siste tre sesjonane som tingmann hadde han plass i justiskomiteen.
I 1990 vart Mørk-Eidem utpeika til riksrevisor. Han styrte Riksrevisjonen i 15 år, til dess partikollegaen Jørgen Kosmo tok over i 2005.
Han er busett i Oslo.
Kjelder |
- Stortinget.no - Stortingsbiografi
Norske fiskeri- og kystministrar | |
---|---|
Reidar Carlsen (1946–51) · Peder Holt (1951–55) · Nils Lysø (1955–63) · Onar Onarheim (1963) · Magnus Andersen (1963–65) · Oddmund Myklebust (1965–68) · Einar Moxnes (1968–71) · Knut Hoem (1971–72) · Magnus Andersen (1972) · Trygve Olsen (1972–73) · Eivind Bolle (1973–81) · Thor Listau (1981–85) · Eivind Reiten (1985–86) · Bjarne Mørk-Eidem (1986–89) · Svein Munkejord (1989–90) · Oddrunn Pettersen (1990–92) · Jan Henry T. Olsen (1992–96) · Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (1996–97) · Peter Angelsen (1997–2000) · Lars Peder Brekk (2000) · Otto Gregussen (2000–01) · Svein Ludvigsen (2001–05) · Helga Pedersen (2005–2009) · Lisbeth Berg-Hansen (2009–2013) · Elisabeth Aspaker (2013–2015) · Per Sandberg (2015–2018) · Harald Tom Nesvik (2018-) |
|