Undredal stavkyrkje




Koordinatar: 60°57′3″N 7°6′8″E

































































Undredal stavkyrkje

kyrkje

Undredal stave church 25may2006.jpg

Kyrkjesamfunn

Den norske kyrkja
Bispedøme

Bjørgvin
Prosti

Sogn
Sokn

Undredal
Fellesråd

Aurland

Teknikk

stavverk
Material

tre

Innvigd
slutten av 1100-talet
 - Vigd til

St. Nikolas
 - Endringar
utvida mot vest, 1722.

Preikestol
1696
Døypefont
1680
Sitjeplassar
40


Wikimedia Commons: Undredal stavkirke


Undredal stavkyrkje er ei stavkyrkje i bygda Undredal i Aurland kommune i Sogn og Fjordane.
Kyrkja vert ut frå stilhistorie og annan kunnskap datert til slutten av 1100-talet.[1]


Ho er den minste kyrkja i Skandinavia som framleis er i bruk, med berre 40 sitjeplassar. Skipet er knapt sju meter langt utvendig, kor og våpenhus kjem i tillegg med 4 og 2 meter.




Mot koret




Kyrkjeskipet


Det er spor etter svalgang rundt kyrkjeskipet. Skipet er forlenga mot vest med klokketårn og eit våpenhus med saltak. Kyrkjekoret er nyare og i same breidd som skipet.


Inne i kyrkja heng den første kyrkjeklokka frå mellomalderen, men kyrkjeklokka er teken ut av bruk. I klokketårnet er det to nye klokker datert 1884 og 1996.


Veggane har den originale dekoren i limfarge frå 1600-talet, og i taket er det måla bibelfigurar og englar.


Inne i kyrkja er det mellom anna ein kneleskammel frå 1647, døypefat frå kring 1680, preikestol med datering 1696 og to lysestakar med skjold datert 1702.


Vestenden er i tømmer (laft) - tårnet var opphavleg ein frittståande støpul som vart bygd i hop med skipet etter reformasjonen.[2]



Historie |


Kyrkja er første gong nemnt i skriftlege kjelder på 1320-talet, då som capellam beati Nicolai de Undradal.[3][4] I 1665 vert det nemnt svalgangar på kyrkja, som då måtte vølast.[3] I 1722 blei svalgangane kring kyrkja fjerna og dei første vindauga vart sette inn. Kyrkja vart dette året skildra som "en ældgammel og liden Stavkirke" med "Taarn paa".[3] Kring 1850 vart våpenhuset og siste del av skipet påbygd. Kyrkja vart òg måla kvit innvendig. På slutten av 1800-talet trudde ein at den gamle stavkyrkja var riven, og at kyrkja som stod i Undredal var bygd ein gong etter 1722. Lorentz Dietrichson hadde ikkje vore i Undredal og baserte seg berre på skriftlege kjelder.[5] Først tidleg på 1900-talet vart det oppdaga at det faktisk var den gamle stavkyrkja som framleis stod. Etter ei stor ommvøling i 1961 vart den kvite målinga vaska av og dei originale måleria kom til syne att. Kyrkja vart òg restaurert i 1984, med nytt kyrkjegolv, og ny bordkledning utvendig. Seinare vart òg taket og kyrkjetårnet reparert. Ved fleire høve har det vore planar om flytting av kyrkja, sist gong var i 1913, men flytting vart det ikkje noko av.


Kyrkja er soknekyrkje i Undredal sokn i Sogn prosti. Fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Aurland prestegjeld.



Referansar |




  1. Torkjell Djupedal (1997). «Kan vi tru på årstalet 1147?». Undredal : kyrkja og bygda. Undredal: Undredal sokneråd. s. 129. ISBN 8291722013. 


  2. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelen.


  3. 3,03,13,2 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892)


  4. Primærkjelde i Diplomatarium Norvegicum IV, 151


  5. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelen.



Bakgrunnsstoff |



  • «Undredal stavkirke» på nettstaden stavkirke.org


  • Vis Undredal stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren













Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?