Priština
Oversikt over sentrale delar av Priština. Priština (serbisk Приштина; albansk: Prishtinë/Prishtina) er hovudstaden i Kosovo. Det er hevda at namnet på byen stammar frå det serbiske ordet Prišt , 'Svartedauden' eller 'pesten', men dette er ikkje allment akseptert. Innbyggjartalet i byen er estimert til 500 000, mesteparten albanarar. Det er også grupperingar av serbarar, bosniaker og sigøynarar i byen. Innbyggjartalet er usikkert pga. manglande folketeljingar etter konflikten; somme hevder at så mange som ein million menneske bur i Pristina. UNMIK har hovudkvarteret sitt i Pristina, saman med dei fleste andre internasjonale organisajonar som er i Kosovo. Pristina har ein eigen flyplass, Pristina International Airport (tidlegare Slatina) som ligg ca. 20 km utanfor Pristina i nærleiken av byen Kosovo Polje (Fushë Kosovë). Denne har gått gjennom store forbetringar etter krigen. Innhaldsliste 1 Historie 1.1 Tidleg historie 1.2 Under serbisk og...