Gagnefs kommun
| Gagnefs kommun | ||
kommune | ||
| ||
| Land | ||
|---|---|---|
Len | Dalarnas län | |
Landskap | Dalarna | |
Centralort | Djurås | |
| Areal | 813,96 km² | |
| - land | 769,07 km² | |
| - vatn | 44,89 km² | |
| Folketal | 10 111 | |
| Folketettleik | 13 / km² | |
Wikimedia Commons: Gagnef Municipality | ||
Nettstad: www.gagnef.se | ||
Gagnefs kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til Leksands kommun i nord Falu kommun og Borlänge kommun i aust, Ludvika kommun i sør og Vansbro kommun i vest. Administrasjonssenteret i kommunen er Djurås.
I Gagnef finn ein eit skogkledd dallandskap med fleire ravinar. Næringslivet er dominert av jord- og skogbruk, samt treindustri. I administrasjonssenteret Djurås renn Väster- og Österdalälven saman til Dalälven. I tettstaden Gagnef er det òg ei flåtebru av tre som er eit bygningsminnesmerke over dette.
Innhaldsliste
1 Administrativ historikk
2 Kommunevåpenet
3 Tettstader
4 Kjelder
5 Fotnote
Administrativ historikk |
Kommunereforma i 1952 påverka ikkje området, men i 1971 vart Floda og Gagnef slått saman til Gagnefs kommun.
Kommunevåpenet |
Blasonering: På raud bakgrunn, ein straum med form som eit gaffelkors av gull.[1]
Våpenet symboliserer at Väster- og Österdalälven renn saman. Det vart fastsett i 1946. Ved samanslåinga hadde også Floda eit våpen, men det måtte vike for Gagnef sitt, som vart registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1974.
Tettstader |
Det er åtte tettstader i Gagnefs kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
| Nr. | Tettstad | Folketal |
|---|---|---|
| 1 | Mockfjärd | 1 935 |
| 2 | Djurås | 1 253 |
| 3 | Gagnef | 1 115 |
| 4 | Dala-Floda | 709 |
| 5 | Djurmo | 689 |
| 6 | Bäsna | 687 |
| 7 | Björbo | 682 |
| 8 | Sifferbo | 399 |
Kjelder |
- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Gagnefs kommun» på Wikipedia på svensk.
- «Gagnef» på Store Norske Leksikon.
Fotnote |
↑ «I rött fält ett av vågskuror bildat gaffelkors av guld».
Kommunar i Dalarnas län i Sverige | ||
|---|---|---|
Avesta · Borlänge · Falun · Gagnef · Hedemora · Leksand · Ludvika · Malung-Sälen · Mora · Orsa · Rättvik · Smedjebacken · Säter · Vansbro · Älvdalen | ||
Sjå òg: Liste over Sveriges kommunar | ||
|