Primitiv




Primitiv (frå latin primus, 'først', eigentleg 'først i sitt slag') er eit ord som viser til noko som høyrer til eller liknar ei eldre tid eller utviklingsform. Det har vore eit viktig omgrep innan vitskapar som antropologi og biologi, og har vore brukt til å skildra levande vesen, samfunnsordningar og kunst. I dag er omgrepet mindre i bruk som ein vitskapleg term, og blir ofte oppfatta som nedsetjande.


Innan evolusjonsbiologi har «primitiv» vore brukt til å skildra organismar, eller trekk ved dei, som primitive dersom dei liknar organismar frå tidlegare i evolusjonstreet. Ordet er etterkvart blitt mindre brukt ettersom det gjev eit inntrykk av at evolusjon er ein stige organismar klatrar opp, og dei «primitive» artane er blitt verande igjen på lågare trinn.


Innan antropologi brukte ein ei tid omgrepet «primitive samfunn» om samtidige samfunn med enklare reiskapar og strukturar enn «siviliserte» samfunn. Ein meinte desse samfunna kunne gje eit bilde av korleis menneske hadde levd i urtidene. Også her har ein gått vekk frå omgrepet i nyare tid, ettersom det gjev eit inntrykk av at desse samfunna har stått stille utan å utvikla seg og tilpassa seg miljøet sitt — noko dei sjølvsagt har.


Innan religion kan «primitiv» visa til ein opphavleg religion eller ei opphavleg form av ein særskild religion. Antropologen Edward Burnett Tylor la fram animisme, dyrking av besjela ting i naturen, som ein primitiv religion som andre religionar hadde utvikla seg frå. Den amerikanske baptistgruppa som kallar seg Primitive Baptists uttrykker gjennom namnet eit ønske om å finna tilbake til ein «opphavleg» kristendom.


Innan kunst og litteratur var primitivisme ein retning som oppstod på 1800-talet. Retninga søkte seg vekk frå det akademiske og forfina, og tok mellom anna utgangspunkt i kunsta til «primitive» urfolk, «dei edle ville».


I daglegtale kan ein snakka om «å leva primitivt», med tydinga om å leva enkelt, utan for mange moderne hjelpemiddel, gjerne nær naturen. Ein kan også bruka ordet nedsetjande om noko som er forenkla, gammaldags eller barbarisk, til dømes «eit primitivt kvinnesyn».



Kjelder |




  • «primitiv» i Nynorskordboka.




  • «Primitiv» i Store norske leksikon, snl.no. (Sist endra 20.03.2009 av Espen Wæhle)



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Utviklingsgrad» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2009.



  • Delar av denne artikkelen bygger på «Primitive culture» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2009.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva