Stelviopasset
x
Stelviopasset | |||
---|---|---|---|
Austsida av Stelviopasset sett frå Payerhytta (3029 m) | |||
Nordaust | Sørvest | ||
Passhøgd | 2 757 m s.l.m. | ||
Provincia | Vinschgau (Sør-Tyrol) | Veltlin (Sondrio) | |
Vasskilje | Trafoi-bekken → Etsch | Braulio → Adda | |
Stader | Prad am Stilfserjoch | Bormio | |
Samband | Strada Statale 38 | ||
Bygd | 1820–1826 | ||
Vinterstengt | november – juni | ||
Fjellområde | Ortlergruppa | ||
Profil | |||
Stigning (snitt) | 7,2 % (1 972 m / 27,5 km) | 7 % (1 536 m / 22 km) | |
Stigning (maks) | 15 % | 12 % | |
Kart | |||
x | |||
Koordinatar | 46° 31′ 42″ N, 10° 27′ 12″ AKoordinatar: 46° 31′ 42″ N, 10° 27′ 12″ A |
Stelviopasset (tysk Stilfser Joch eller Stilfserjoch, italiensk Passo dello Stelvio) er med 2 757 m s.l.m. den høgste fjellovergangen i Italia og den nest høgste asfalterte vegovergangen i Alpane – etter Col de l'Iseran. Stelvio knyter saman Bormio i Veltlin, Lombardia med Prad i Vinschgau, Sør-Tirol.
Området rundt passet har sidan 1935 vore ein del av Stelvio nasjonalpark.
Innhaldsliste
1 Sykkelsport
1.1 Skisport
2 Galleri
3 Referansar
4 Bakgrunnsstoff
Sykkelsport |
På grunn av sine mange hårnålskurver er vegen til Stelviopasset eit populært mål for syklistar. Dei kan ta passet som ein del av ein rundtur frå Prad eller Glurns. Den vanlegaste ruta går over Stelvio til kort over passhøgda, deretter over Umbrailpasset og Santa Maria Val Müstair i Sveits og tilbake til Glurns eller Prad.
Stelviopasset er mykje brukt i Giro d'Italia, og på passhøgda står eit minnesmerke over den italienske syklisten Fausto Coppi som vann rittet fem gonger.
Første laurdag i september eller siste laurdag i august er det sykkeldag på Stelviopasset,[1] og då er vegen frå Trafoi til Bormio stengt for motorkøyrety frå om morgonen til sein ettermiddag. Same dagen er vegen frå Santa Maria i Münstertal over Umbrailpasset stengt for motortrafikk.
I midten av juli arrangerer sykkelklubben i Vinschgau[2] eit ritt med start i Prad og målgang på passhøgda.
Skisport |
På Stelviopasset er det eit sommarskisenter som er open frå rundt pinsetid til november då vegen blir vinterstengt.
Galleri |
Sommarskisenteret på Stelvio
Ortler frå Stelvio
Hårnålsving nr 2, 3 og 4 av til saman 48 på austsida av Stelvio
Utsyn mot passhøgda med Franzenshöhe, frå «Trespråktind»
Minnesmerket over Fausto Coppi på Stelvio
Referansar |
↑ Radtag Stilfserjoch
↑ Radrennen auf das Stilfserjoch
Bakgrunnsstoff |
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stelviopasset
Bilder frå Stelviopasset under den første verdskrigen 1- Bilder frå Stelviopasset under den første verdskrigen 2
- Bilder frå Stelviopasset under den første verdskrigen
- Nasjonalparken
- Høgdeprofil frå Prad
- Høgdeprofil frå Bormio
- GPS-tracks og høgdeprofil
- Sommarskistaden
- Das Stilfser Joch für Radfahrer auf Quaeldich.de, sykkelstoff
|