Nese
| Nese | |
| stad | |
| Land | |
|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Vik |
Postnummer | 6893 VIK I SOGN |
| Preposisjon | på Nese |
Nese er ei bygd på vestsida av Arnafjorden i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg 25 kilometers køyring frå kommunesenteret Vik, og har vegsamband dit via Fv92.
Nese er ei jordbruksbygd og var tidlegare eit sentrum i Arnafjorden, med butikk, dampskipskai og post. Desse tenestene er no nedlagde eller flytte. Postkontoret hadde hadde postnummer og -namn 5912 ARNAFJORD, og vart nedlagt i 1978.[1]Soknekyrkja i Arnafjord sokn, Arnafjord kyrkje, står på Nese og staden har vore kyrkjestad sidan 1600-talet. Den noverande kyrkja er den andre på staden og vart innvigd i 1880.[2] Bygda har også ungdomsshus.
Ungane i området går på Valsvik skule i bygda Framfjorden. I Framfjorden er det også barnehage og den næraste daglegvarebutikken.
Innhaldsliste
1 Historie
1.1 Rasulukka i 1811
2 Fotnotar
3 Bakgrunnsstoff
Historie |
Rasulukka i 1811 |
På natta 2. desember i 1811 gjekk det ei steinskrede som knuste og drog med seg klyngjetunet på Nese på fjorden. 45 av dei kring 60 som budde i tunet omkom.[3]
I 2008 vart det innvigd eit minnesmerke på Nese over dei som omkom i skreda [4]
Fotnotar |
↑ Nettstaden til Postmuseet på Maihaugen
↑ «Margrethe Henden Aaraas, og Sigurd Vengen: «Arnafjord kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane».
↑ «Arne Inge Sæbø: «Storskreda på Nese i 1811» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane».
↑ «Storskreda på Nese - og andre ras» på nettstaden til Vik kommune
Bakgrunnsstoff |
- Om Arnafjorden på nettstaden til Arnafjord bygdeutval