Helmut Kohl

































Helmut Kohl

Bundesarchiv B 145 Bild-F074398-0021, Bonn, Pressekonferenz Bundestagswahlkampf, Kohl.jpg

Fødd
3. april 1930 i Ludwigshafen
Friesenheim
Død

16. juni 2017
Oggersheim


Yrke
politikar, historikar, statsvitar
Tittel
Kanslar i Tyskland
Føregangar
Helmut Schmidt
Etterfylgjar
Gerhard Schröder

Helmut Kohl på Commons

Helmut Josef Michael Kohl (3. april 1930–16. juni 2017) var ein tysk politikar frå partiet CDU (Kristelegdemokratane). Han var tysk kanslar frå 1982 til 1998.




Innhaldsliste






  • 1 Liv


  • 2 Utmerkingar


  • 3 Kohls første ministerium 4. oktober 1982–29. mars 1983


  • 4 Kohls andre ministerium, 29. mars 1983–11. mars 1987


  • 5 Kohls tredje ministerium, 12. mars 1987–17. januar 1991


  • 6 Kohls fjerde ministerium, 18. januar 1991–15. november 1994


  • 7 Kohls femte ministerium, 15. november 1994–27. oktober 1998


  • 8 Bakgrunnsstoff





Liv |


Kohl vart fødd inn i ein katolsk familie i Ludwigshafen i det sørvestlege Tyskland, ikkje langt frå grensa til Frankrike, og deltok som tenåringssoldat på slutten av andre verdskrigen. Han vart medlem av CDU i 1947 og studerte deretter jus og historie i Frankfurt og Heidelberg. Han avslutta studia med å ta doktorgraden i historie. Frå 1969 til 1976 var han statsminister i delstaten Rheinland-Pfalz, og vart deretter medlem av det føderale parlamentet. Samtidig vart han leiar for den konservative opposisjonen mot den daverande SPD-regjeringa til Helmut Schmidt.


Den 1. oktober 1982 tok han over som kanslar etter Schmidt, etter eit såkalla konstruktivt mistillitsforslag i parlamentet. Han var den lengst regjerande kanslaren sidan Otto von Bismarck da han vart etterfølgt av Gerhard Schröder den 27. oktober 1998, etter at SPD vann dei føderale vala. I likskap med Bismarck deltok Kohl òg i samlinga av Tyskland, dette skjedde etter slutten på den kalde krigen da kommunismen og Sovjetunionen braut saman, og Tyskland igjen vart eitt.


Helmut Kohl var leiar for CDU frå 1973 til 1998.


Tidleg i regjeringstida si vart han skyteskive for dei intellektuelle på venstresida. Han hadde ikkje store talegåver og meistra ikkje framandspråk. Av venstreradikale vart han ofte referert til som «pæra» (ty. die Birne). Dette var meint å vise både til kroppsforma og intellektet hans. Mot slutten av styret hans skjedde dette likevel sjeldnare, og i dag blir den politiske kløkta og handlingane hans rosa av mange. Ein finansskandale, der det vart avslørt at det franske oljeselskapet Elf Aquitaine på ordre frå den franske presidenten Mitterrand hadde gjeve millionar i ulovleg partistøtte til CDU, har svekka ettermælet hans. Avsløringa følgde i kjølvatnet av etterforskinga av storstilt korrupsjon i Frankrike. Denne etterforskinga vart leidd av Eva Joly. Kohl og dei franske venene hans har forsvart seg med at det ikkje låg nokon personlege motiv bak, og at alt dei gjorde var for Europa og for å fremje forsoning.


Helmut Kohl var gift med Hannelore Kohl og har to søner.



Utmerkingar |


Kohl har teke imot ei rekke utmerkingar.


I 1988 fekk han, saman med François Mitterrand, Karlsprisen for sine handlingar for fransk-tysk venskap og Europas framtid. I 1996 vart han utnemnd til æresdoktor ved det katolske universitetet i Leuven i Belgia.


11. desember 1998 vart Kohl utnemnd til æresborgar av Europa av de europeiske stats- og regjeringssjefane, som ros for arbeidet hans for europeisk samling. Denne utmerkinga var tidlegare berre tildelt Jean Monnet.


20. april 1999 vart han tildelt Presidentens fridomsmedalje av USAs president Bill Clinton.


Han mottok i 2004 Adalbertprisen frå den polske presidenten. Ved sidan av Konrad Adenauer er han den einaste som har fått det såkalla storkorset i spesiell utføring i Tysklands fortjenstorden.


Helmut Kohl er òg æresborgar av Frankfurt am Main og Berlin og vart i september 2005 utnemnd til æresborgar av heimbyen Ludwigshafen. Luxembourgs statsminister Jean-Claude Juncker var utdelar. Kohl er æresdoktor ved talrike universitet i inn- og utland.


I 2005 mottok Kohl òg Quadrigaprisen, utdelaren var Mikhail Gorbatsjov.


20. juni 2006 mottok Helmut Kohl den spanske Europaprisen i Yuste-klosteret ved Cáceres. Laudator Felipe González skildra Kohl som ein stor arkitekt for eit sameint Europa.



Kohls første ministerium 4. oktober 1982–29. mars 1983 |



  • Helmut Kohl (CDU) – kanslar


  • Hans-Dietrich Genscher (FDP) – visekanslar og utanriksminister


  • Manfred Wörner (CDU) – forsvarsminister


  • Friedrich Zimmermann (CSU) – innanriksminister


  • Gerhard Stoltenberg (CDU) – finansminister


  • Hans Engelhard (FDP) – justisminister


  • Otto Graf Lambsdorff (FDP) – økonomiminister


  • Norbert Blüm (CDU) – arbeids- og sosialminister


  • Josef Ertl (FDP) – fødevare, landbruks- og skogminister


  • Werner Dollinger (CSU) – transportminister


  • Oscar Schneider (CSU) – bygningsminister


  • Heiner Geissler (CDU) – barne-, familie- og helseminister


  • Heinz Riesenhuber (CDU) – forskings- og teknologiminister


  • Dorothee Wilms (CDU) – utdannings- og vitskapsminister


  • Jürgen Warnke (CSU) – minister for økonomisk samarbeid


  • Christian Schwarz-Schilling (CDU) – post- og kommunikasjonsminister


  • Rainer Barzel (CDU) – minister for indre-tyske relasjonar



Kohls andre ministerium, 29. mars 1983–11. mars 1987 |



  • Helmut Kohl (CDU) – kanslar


  • Hans-Dietrich Genscher (FDP) – visekanslar og utanriksminister


  • Manfred Wörner (CDU) – forsvarsminister


  • Friedrich Zimmermann (CSU) – innanriksminister


  • Gerhard Stoltenberg (CDU) – finansminister


  • Hans Engelhard (FDP) – justisminister


  • Otto Graf Lambsdorff (FDP) – økonomiminister


  • Norbert Blüm (CDU) – arbeids- og sosialminister


  • Ignaz Kiechle (CSU) – fødevare-, landbruks- og skogminister


  • Werner Dollinger (CSU) – transportminister


  • Oscar Schneider (CSU) – bygningsminister


  • Heiner Geissler (CDU) – barne-, familie- og helseminister


  • Heinz Riesenhuber (CDU) – forskings- og teknologiminister


  • Dorothee Wilms (CDU) – utdannings- og vitskapsminister


  • Jürgen Warnke (CSU) – minister for økonomisk samarbeid


  • Christian Schwarz-Schilling (CDU) – post- og kommunikasjonsminister


  • Heinrich Windelen (CDU) – minister for indre-tyske relasjonar


Endringar i løpet av perioden




  • 27. juni 1984 – Martin Bangemann (FDP) tek over for Lambsdorff som økonomiminister


  • 15. november 1984 – Wolfgang Schäuble (CDU) blir minister utan særskilt arbeidsområde


  • 26. september 1985 – Rita Süssmuth (CDU) tek over for Geissler som barne-, familie- og helseminister


  • 6. juni 1986 – Rita Süssmuth (CDU) blir minister for barn, familie, kvinner og helse. Walter Wallmann (CDU) blir minister for miljøvern og atomtryggleik



Kohls tredje ministerium, 12. mars 1987–17. januar 1991 |




Helmut Kohl i Kreisau/Krzyzowa (Schlesia), 1989. Det var her nokre av dei tyskætta innbyggjarane sa til han at: «Helmut, du bist auch unser Kanzler» (Helmut, du er vår kanslar òg).



  • Helmut Kohl (CDU) – kanslar


  • Hans-Dietrich Genscher (FDP) – visekanslar og utanriksminister


  • Manfred Wörner (CDU) – forsvarsminister


  • Friedrich Zimmermann (CSU) – innanriksminister


  • Gerhard Stoltenberg (CDU) – finansminister


  • Hans Engelhard (FDP) – justisminister


  • Martin Bangemann (FDP) – økonomiminister


  • Norbert Blüm (CDU) – arbeids- og sosialminister


  • Ignaz Kiechle (CSU) – fødevare-, landbruks- og skogminister


  • Jürgen Warnke (CSU) – transportminister


  • Oscar Schneider (CSU) – bygningsminister


  • Rita Süssmuth (CDU) – barne-, familie- og helseminister


  • Heinz Riesenhuber (CDU) – forskings- og teknologiminister


  • Jürgen Möllemann (FDP) – utdannings- og vitskapsminister


  • Hans Klein (CSU) – minister for økonomisk samarbeid


  • Walter Wallmann (CDU) – minister for miljøvern og atomtryggleik


  • Wolfgang Schäuble (CDU) – minister utan særskilt arbeidsområde


  • Christian Schwarz-Schilling (CDU) – post- og kommunikasjonsminister


  • Dorothee Wilms (CDU) – minister for indre-tyske relasjonar


Endringar i løpet av perioden




  • 22. april 1987 – Klaus Töpfer (CDU) tek over for Wallmann som minister for miljøvern og atomtryggleik


  • 18. mai 1988 – Rupert Scholz (CDU) tek over for Wörner som forsvarsminister


  • 9. desember 1988 – Helmut Haussmann (FDP) tek over for Bangemann som økonomiminister


  • 21. april 1989 – Gerhard Stoltenberg (CDU) tek over for Scholz som forsvarsminister. Theo Waigel (CSU) tek over for Stoltenberg som finansminister. Jürgen Warnke (CSU) tek over for Klein som minister for økonomisk samarbeid. Friedrich Zimmermann (CSU) tek over for Warnke som transportminister. Wolfgang Schäuble (CDU) tek over for Zimmermann som innanriksminister. Gerda Hasselfeldt (CSU) tek over for Schneider som bygningsminister. Hans Klein (CSU) og Rudolf Seiters (CDU) blir ministrar utan særskilt arbeidsområde.


  • 3. oktober 1990 – Lothar de Maizière (CDU), Sabine Bergmann-Pohl (CDU), Günther Krause (CDU), Rainer Ortleb (FDP) og Hans Joachim Walther (DSU) blir medlemer av regjeringa som ministrar utan særskilt arbeidsområde.


  • 19. desember 1990 – Lothar de Maizière går ut av regjeringa.



Kohls fjerde ministerium, 18. januar 1991–15. november 1994 |



  • Helmut Kohl (CDU) – kanslar


  • Hans-Dietrich Genscher (FDP) – visekanslar og utanriksminister


  • Gerhard Stoltenberg (CDU) – forsvarsminister


  • Wolfgang Schäuble (CDU) – innanriksminister


  • Theo Waigel (CSU) – finansminister


  • Klaus Kinkel (FDP) – justisminister


  • Jürgen Möllemann (FDP) – økonomiminister


  • Norbert Blüm (CDU) – arbeids- og sosialminister


  • Ignaz Kiechle (CSU) – fødevare-, landbruks- og skogminister


  • Günter Krause (CDU) – transportminister


  • Irmgard Adam-Schwaetzer (CSU) – bygningsminister


  • Hannelore Rönsch (CDU) – familie- og eldreminister


  • Angela Merkel (CDU) – minister for kvinner og barn


  • Gerda Hasselfeldt (CDU) – helseminister


  • Heinz Riesenhuber (CDU) – forskings- og teknologiminister


  • Rainer Ortleb (FDP) – utdannings- og vitskapsminister


  • Carl-Dieter Spranger (CSU) – minister for økonomisk samarbeid


  • Klaus Töpfer (CDU) – minister for miljøvern og atomtryggleik


  • Rudolf Seiters (CDU) – minister utan særskilt arbeidsområde


  • Christian Schwarz-Schilling (CDU) – post- og kommunikasjonsminister


Endringar i løpet av perioden




  • 26. november 1991 – Rudolf Seiters (CDU) tek over for Schäuble som innanriksminister. Friedrich Bohl (CDU) tek over for Seiters som minister utan særskilt arbeidsområde


  • 1. april 1992 – Volker Rühe (CDU) tek over for Stoltenberg som forsvarsminister


  • 6. mai 1992 – Horst Seehofer (CSU) tek over for Hasselfeldt som helseminister


  • 18. mai 1992 – Jürgen Möllemann (FDP) tek over for Genscher som visekanslar, men blir samtidig verande økonomiminister. Klaus Kinkel (FDP) tek over for Genscher som utanriksminister. Sabine Leutheusser-Schnarrenberger (FDP) tek over for Kinkel som justisminister.


  • 17. desember 1992 – Wolfgang Bötsch (CSU) tek over for Schwarz-Schilling som post- og kommunikasjonsminister.


  • 21. januar 1993 – Klaus Kinkel (FDP) tek over for Möllemann som visekanslar, men blir verande utanriksminister. Günter Rexrodt (FDP) tek over for Möllemann som økonomiminister. Jochen Borchert (CDU) tek over for Kiechle som fødevare-, landbruks- og skogminister. Matthias Wissmann (CDU) tek over for Riesenhuber som vitskaps- og teknologiminister. Carl-Dieter Spranger (CSU) blir minister for økonomisk samarbeid og utvikling, i staden for minister for økonomisk samarbeid.


  • 13. mai 1993 – Matthias Wissmann (CDU) tek over for Krause som transportminister. Paul Krüger (CDU) tek over for Wissmann som forskings- og teknologiminister.


  • 7. juli 1993 – Manfred Kanther (CDU) tek over for Seiters som innanriksminister.


  • 4. februar 1994 – Karl-Hans Laermann (FDP) tek over for Ortleb som utdannings- og vitskapminister.



Kohls femte ministerium, 15. november 1994–27. oktober 1998 |



  • Helmut Kohl (CDU) – kanslar


  • Klaus Kinkel (FDP) – visekanslar og utanriksminister


  • Volker Rühe (CDU) – forsvarsminister


  • Manfred Kanther (CDU) – innanriksminister


  • Theo Waigel (CSU) – finansminister


  • Sabine Leutheusser-Schnarrenberger (FDP) – justisminister


  • Günter Rexrodt (FDP) – økonomiminister


  • Norbert Blüm (CDU) – arbeids- og sosialminister


  • Jochen Borchert (CDU) – fødevare-, landbruks- og skogsminister


  • Matthias Wissmann (CDU) – transportminister


  • Klaus Töpfer (CDU) – bygningsminister


  • Claudia Nolte (CDU) – minister for familie, eldre, kvinner og barn


  • Horst Seehofer (CDU) – helseminister


  • Jürgen Rüttgers (CDU) – minister for utdanning, vitskap, forsking og teknologi


  • Carl-Dieter Spranger (CSU) – minister for økonomisk samarbeid og utvikling


  • Angela Merkel (CDU) – minister for miljøvern og atomtryggleik


  • Friedrich Bohl (CDU) – minister utan særskilt arbeidsområde


  • Wolfgang Bötsch (CSU) – post- og kommunikasjonsminister


Endringar i løpet av perioden




  • 17. januar 1996 – Edzard Schmidt-Jortzig (FDP) tek over for Leutheusser-Schnarrenberger som justisminister.


  • 31. desember 1997 – Ministeriet for post og kommunikasjon blir lagt ned.


  • 14. januar 1998 – Eduard Oswald tek over for Töpfer som bygningsminister.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Helmut Kohl





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva