Meland er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Meland kommune er ein kyst- og øykommune nord for Bergen. Kommunesenteret Frekhaug ligg sør på øya Holsnøy. Øya Holsnøy utgjer hovuddelen av kommunen. I tillegg kjem Flatøy, Ypsøy og fleire små øyar. Nordhordlandsbrua frå Bergen kommune kjem i land på Flatøy. Europaveg 39 (E39) går vidare nordover gjennom Lindås kommune. Nord for Meland ligg òg Radøy kommune. Mellom Meland og Radøy går Mangersfjorden og Radfjorden. Mot sør- vest er Askøy kommune. Mellom Askøy og Meland går Herdlefjorden. Meland kommune har namn etter garden Meland på Holsnøy. Her er det òg kyrkje (Meland kyrkje). Ordførar er Øyvind Helland Oddekalv frå Arbeiderpartiet og varaordførar er Nils Marton Aadland frå Høgre.
Innhaldsliste
1Kommune frå 1923
2Kommunevåpenet
3Aviser
4Kjende personar frå Meland
5Bakgrunnsstoff
Kommune frå 1923 |
Meland sokn var frå 1885 ein del av Alversund prestegjeld og kommune. Meland vart eigen kommune i 1923. Ein del av Holsnøya og litt av Askøya fekk namnet Meland kommune. Ved kommuneendringer i 1964 overtok Meland Flatøy frå gamle Hamre kommune. Gamle Herdla kommune sine område nord på Holsnøy vart og overteke. Områda på Askøy vart overført til Askøy kommune.
Kommunevåpenet |
Kommunevåpenet til Meland er på raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Ein navar er eit trebor.
Aviser |
Avisene Strilen og Nordhordland har nyhende frå Meland. Regionavisa Bergens Tidende har og mykje om hendingar i Meland. Dessutan har Bergensavisen ei viss dekning frå kommunen
Olav Thon Fødd 29. juni 1923 Ål Yrke forretningsdrivande Olav Thon på Commons Olav Thon (fødd 29. juni 1923) er ein norsk, stort sett sjølvlært forretningsmann, fødd i Ål i Hallingdal, som har gjort store pengar på særleg kjøp, bygging og utvikling av fast eigedom, mellom anna kjøpesentre, hotell og restaurantar, i både Noreg og somme andre land. Han vart Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden i 2003, og er som ivrig friluftsmann æresmedlem i Den Norske Turistforening etter å ha ytt store økonomiske bidrag til foreininga sine hytter og ruter i fjellet. Han er kjend for alltid å gå med ei karakteristisk strikkelue. Olav Thon i samtale med Trond Helleland på sentralbanksjefens årstale i februar 2016 I ung alder reiste Olav Thon til Newcastle for å lære seg engelsk, og han var seinare ei tid i Sveits, der han gjorde forretningar i import og eksport. Deretter tok han til å kjøpe faste eigedomar i Noreg med stor økonomisk suksess, verksemda voks snøgt og v...
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask , som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt. Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. Waikiki Land USA Stat Hawaii Stad Honolulu Wikimedia Commons: Waikiki Utsyn over Waikiki Waikīkī er ein bydel i Honolulu, sør på øya Oahu, som er ei av Hawaii-øyane. Waikīkīstranda er ein av dei meste berømte strendene i verda. Waikīkī strekkjer seg langs stillehavskysten og har ei rekkje velrenommerte hotell. Bydelen er Hawaii-turismens høyborg. På Waikīkī Beach står ei statue av den lokale sportsstjerna Duka Kahanamoku. Kjelder | Denne artikkelen bygger på «Waikiki» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2018. Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar . Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder...