John Flamsteed
John Flamsteed | |
| |
Fødd | 19. august 1646 Denby, Derbyshire, England |
---|---|
Død | 31. desember 1719 (alder 73) Burstow, Surrey, England |
Nasjonalitet | engelsk |
Område | Astronomi |
Yrke | astronom |
Institusjonar | Greenwich-observatoriet |
Alma mater | Jesus College i Cambridge |
Kjend for | Første Astronomer Royal |
Influerte | Joseph Crosthwait Abraham Sharp |
Medlem | Royal Society |
John Flamsteed (19. august 1646–31. desember 1719) var ein engelsk astronom og første Astronomer Royal. Han katalogiserte 3000 stjerner.[1] Han gjorde Karl II merksam på at ein trong nye og gode observasojnar, særskild til bruk ved å finne lengde- og breiddegrader til sjøs, og dette førte til opprettinga av Greenwich-observatoriet (1675). Flamsteed vart den første sjefen for observatoriet (Astronomer Royal 1676–1719). Han kombinerte kikkert med måleinstrument, og brukte nesten 30 år på å samle observasjonar, aleine og under vanskelege forhold. Materialet vart nytta til utarbeiding av ein stor stjernekatalog, Historia Coelestis Britannica (1712, 1725), og eit stjerneatlas, Atlas Coelestis (1729).
Prisar og oppkallingar |
- Medlem av Royal Society (1676)
- Flamsteed Astronomi Society er kalla opp etter den første Astronomer Royal
- Krateret Flamsteed på månen er kalla opp etter han.
- Asteroiden 4987 Flamsteed.
- Fleire skular og høgskular i Derbyshire er namnsett etter han.
Kjelder |
↑ Robert Chambers, Book of Days
«John Flamsteed», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 1. august 2014
Sjå òg |
- Flamsteedobjekt
|