1917












< 1917 >




1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919






  • Vitskap i 1917















1917 (romartal MCMXVII) var eit normalår som byrja på ein måndag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein sundag i den julianske kalenderen.




Amerikansk propagandaplakat frå 1917.




Valplakat for Det sosialistrevolusjonære partiet i Russland.





Afrikakart frå eit atlas gjeve ut i 1917.




Innhaldsliste






  • 1 Hendingar


    • 1.1 Utlandet


    • 1.2 Noreg




  • 2 Fødde


  • 3 Døde





Hendingar |


Første verdskrigen heldt fram.



Utlandet |




  • 25. januar: Danmark selde Dansk Vestindia til USA for 25 millionar dollar.


  • 31. januar: Den første verdskrigen: Tyskland annonserte at landet sine ubåtar frå no av vil føra total undervasskrig, utan restriksjonar.


  • Februar: Den russiske revolusjonen tok til med store demonstrasjonar mot dyrtid og låge løningar.


  • 3. februar: Den første verdskrigen: USA braut den diplomatiske forbindinga si med Tyskland.


  • 15. mars: Den russiske revolusjonen: Tsar Nikolas II av Russland abdiserte.


  • 21. mars: Dansk Vestindia fekk namnet Jomfruøyane då Danmark overfører makta til USA. Den nye eigaren tok kontroll over øygruppa den 31. mars.


  • 6. april: Den første verdskrigen: USA erklærte krig mot Tyskland


  • 11. april: Den første verdskrigen: Brasil braut kontakten med Tyskland.


  • 16. april: Den russiske revolusjonen: Vladimir Lenin kom til Petrograd.


  • 13. mai: Tre barn fortalde dei hadde sett Jomfru Maria i Cova da Iria near Fatima i Portugal.


  • 7. november: Den første verdskrigen: Storbritannia tok Gaza frå Det osmanske riket. Den russiske revolusjonen: Bolsjevikane tok makta i Petrograd (25. oktober etter gammal russisk tidsrekning - av dette namnet "Oktoberrevolusjonen").


  • 20. november: Ukraina blei erklært republikk.


  • 6. desember: Finland erklærte sjølvstende frå Russland, ettersom personalunionen under tsaren opphøyrde då han mista trona.


  • 6. desember: Lasteskipa Imro and Mont Blanc kolliderte i hamna i Halifax i Nova Scotia og skaper ein stor eksplosjon som drap minst 1 963 menneske, skada 9 000 og øydela delar av byen. Fram til atombomba i Hiroshima var dette den største menneskeskapte eksplosjonen i historia.



Noreg |




  • Rettskrivinga av 1917 blei innført.

  • Avisa Firda vart grunnlagt av Kristian Ulltang som eit bygdeblad for Indre Sunnfjord.

  • Bokstaven Å blei innført i Noreg.



Fødde |




Wenche Foss var fødd 5. desember


Sjå òg Fødde i 1917.



  • 4. februar: Yahya Khan, president av Pakistan


  • 14. februar: Herbert A. Hauptman, biofysikar og nobelprisvinnar


  • 25. februar: Anthony Burgess, britisk forfattar


  • 25. april: Ella Fitzgerald, USA-amerikansk jazzsongar


  • 29. mai: John F. Kennedy, USA-amerikansk president


  • 17. juni: Atle Selberg, norsk matematikar


  • 22. august: John Lee Hooker, USA-amerikansk bluesmusikar


  • 11. september: Ferdinand Marcos, filippinsk statsleiar


  • 10. oktober: Thelonious Monk, USA-amerikansk pianist


  • 21. oktober: Dizzy Gillespie, amerikansk trompetist


  • 19. november: Indira Gandhi, første kvinnelege statsminister i India


  • 5. desember: Wenche Foss, norsk skodespelar



Døde |




Kristian Birkeland døydde i Tokyo 15. juni


Sjå òg Døde i 1917.



  • 27. januar: Ernst Sars, norsk historikar


  • 10. februar: John William Waterhouse, britisk målar


  • 8. mars: Ferdinand von Zeppelin, tysk luftfartspioner


  • 1. april: Scott Joplin, amerikansk memusikar og komponist


  • 14. april: L.L. Zamenhof, opphavsmannen til esperanto


  • 19. mai: Jørgen Brunchorst, norsk politikar og botanikar


  • 15. juni: Kristian Birkeland, norsk kjemikar


  • 1. juli: Olaus Arvesen, norsk journalist og politikar


  • 29. juli: Hans Konrad Foosnæs, norsk politikar


  • 27. september: Edgar Degas, fransk målar


  • 15. november: Emile Durkheim, fransk sosiolog


  • 17. november: Kristofer Janson, norsk forfattar

    • Auguste Rodin, fransk skulptør



  • 4. desember: Aasmund H. Vinje, norsk politikar



<<   1900-talet   >>

<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>










Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva