Sakrarium






Sakrarium i Nossa Senhora da Conceição i Golegã i Portugal.


Sakrarium, piscina eller thalassidion er ein utslagsvask i ortodokse, katolske og mange anglikanske kyrkjer. Desse stod opphavleg nær altaret, men seinare er det blitt vanlegare å plassera dei i sakristiet. Vatnet som blir hella i sakrariet renn rett ned i vigsla jord, og ikkje i kloakksystemet, slik at eventuelle restar frå nattverden blir behandla med respekt når ein vaskar kalk og ciborium. Sakrariumet blir også brukt til å hella ut dåpsvatn og vigslevatn.


I den katolske kyrkja får ein nesten aldri hella nattverdsvin eller -brød i sakrariumet.[1]
Men dersom konsekrert nattverdsbrød ikkje kan etast (på grunn av mugg eller liknande) skal det løysast opp i vatn og hellast i sakrariet.


I ortodokse kyrkjer er rommet der vasken, thalassidion, er plassert kalla diakonikon, tilsvarande sakristi. Vasken har utløp til ein heilag stad i bakken og blir brukt til vatn brukt til å vaska heilage ting. Det er også her geistlege vaskar hendene før den guddommelege liturgien. Vigde nattverdselement blir aldri skylt ned i vasken - dersom noko er til overs blir dei etne eller drukke av ein geistleg.


I nokre gamle kyrkjer hadde ein thalassidion under altaret. Dette kunne ein då ha habitten til ein munk eller ei nonne på før dei fekk tonsur.[2] Etter at thalassidion er blitt flytta blir habitten no vanlegvis plassert på altaret. Når ein munk eller nonne får tonsur, kan håret kastast i thalassidion dersom ein skal kvitta seg med det.



Kjelder |





  1. Redemptionis Sacramentum 107


  2. Robinson, Nalbro' Frazier (1911), Monasticism in the Orthodox Churches, AMS Press, ISBN 978-0-404-05375-8 



  • Denne artikkelen bygger på «Sakrarium» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2017.

  • Denne artikkelen bygger på «Piscina» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2017.

































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva