Liberties of the Tower of London






«A True and Exact Draught of the TOWER LIBERTIES, survey'd in the Year 1597».


Liberties of the Tower of London eller berre the Tower Liberty var eit område rundt Tower of London som verken høyrde til styresmaktene i City of London eller grevskapet Middlesex. Etter grenser sette på 1500-talet dekte det området innanfor ringmuren og rett utanfor, inkludert Tower Hill.


I 1688 la Jakob II til tre område: Old Artillery Ground, Little Minories og Liberty of Well Close. Desse områda var blitt kroneigedom ved oppløysinga av klostera i England, og var blitt brukt til å lagra våpen. Det passa derfor kongen å legga dei under styret til Tower i staden for byen eller grevskapet.


Liberties hadde ein eigen administrasjon som blei leidd av Konstabelen av Tower of London. Området hadde ein eigen likskodemann, eigen domstol og eige fengsel og politistyrke. Innbyggjarane hadde visse privilegium, som at dei kunne krevja retten til kvart dyr som fall frå London Bridge, eller svaner under brua.


Frå 1855 blei området administrert av Whitechapel District Board of Works, og i 1889 blei det ein del av grevskapet London. I 1894 blei Liberties heilt avskaffa, og i 1900 blei det innlemma i Stepney. Det ligg i dag i bydelen Tower Hamlets.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Liberties of the Tower of London» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mai 2011.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva