Leopold Josef von Daun





















Leopold Josef von Daun

Leopold Joseph Graf Daun.jpg

Fødd
24. september 1705
Wien
Død

5. februar 1766
Wien


Yrke
condottiere

Leopold Josef von Daun på Commons

Leopold Josef Maria von Daun (24. september 1705–5. februar 1766) var ein austerrisk greve og general, president i Hofkriegsrat frå 1762. Han var feltmarskalk i sjuårskrigen.


Grev Leopold von Daun vart oberst i 1725 og general i 1734, før han deltok i felttog i Italia, ved Rhinen og mot Tyrkia. I 1737-39 deltok han i den austerrikske arvefølgjekrigen. Etter freden i 1748 ivra han for å auke krigsdugleiken til soldatane, utarbeidde nye reglement for hæren og grunnla eit militærakademi i Wiener-Neustadt.


I 1754 vart han feltmarskalk, og då sjuårskrigen braut ut, samla han restane av hæren som var slagen ved Praha, forsterka desse og greidde å sigre over Fredrik II av Preussen ved Kolín. Seinare leid han nederlag ved
slaget ved Leuthen og ved slaget ved Torgau. Under
resten av krigen nøgde han seg med å iakta fienden, slik at krigen drog ut i tid, utan avgjerande slag. Denne krigføringsmåten er vurdert ulikt av militærhistorikarar. Den varsame strategien hans gav han tilnamnet «Den austerrikske Fabius Cunctator» (som tyder 'drølaren').[1]


I 1762 vart han president i hoffkrigsrådet og gjorde på denne plassen
stort gagn for den austerrikiske hæren.



Kjelde |



  • Nordisk familjbok (1906)




  1. Gudmund Sandvik i Norsk Allkunnebok






Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?